Finnås Kraftlag er eit samvirkelag på Bømlo. I vedtektene § 2 står det at føretaket kan dela ut gåver til tiltak med allmennyttige føremål i konsesjonsområde.

Finnås Kraftlag deler ut gåver til allmennyttige føremål, og me har to ulike søknadsordningar:

Prosjektkostnadar under kr. 400.000 – søknadsfrist 15. september

Årsmøtet set av ein større pott til gåvefondet. I 2020 var dette 1,2 millionar. Styret disponerer desse midlane, og det er søknadsfrist den 15. september

Prosjektkostnadar over kr. 400.000 – søknadsfrist 31. desember

Prosjekt med kostnadar over 400.000 kan søkja om gåver, og søknadane vert avgjort av årsmøtet

I tillegg deler me ut eit ungdomsstipend til ein kandidat pr. år. Søknadsfrist for dette stipendet er 15. april

kajakkpadlere i solnedgang

Foto: