Glade ungdommer i fargerike klær hopper av glede med blåhimmel i bakgrunnen og gressbakke under

Me é der når nåke skjer – det er visjonen vår.

Og på Bømlo skjer det mykje! Engasjerte enkeltpersonar sørger for eit rikt og allsidig lags- og organisasjonsliv. Teater, turløyper, dyrevern, song og musikk, barne- og ungdomsarbeid, miljøarbeid, velforeiningar, idrett, og mykje anna! Me vil at Bømlo skal vera ein god plass å bu, arbeida og leva og støttar difor allmennyttig arbeid.

Det er og eit driftig næringsliv på Bømlo. Desse skapar gode arbeidsplassar som gjer at me kan både bu og arbeide i dette flotte kystsamfunnet. Nokon treng kanskje meir tilgang til kraft for å kunne utvikle og førebu seg for framtida. Finnås Kraftlag SA har difor etablert eit fond som slike bedrifter kan søkje om støtte frå i tilfelle der dei får høge kostnadar til nettinfrastruktur.

Det er ulike søknadsordningar for allmennyttige gåver, alt etter kostnadsramma og føremålet med prosjektet ein søkjer om midlar til.

 

Gåver tildelt av styret
Gåver utdelt av årsmøtet (frist 31. desember)
Ungdomsstipend (frist 15.april)

Nettutbyggingsfond (frist 31. desember)
Nettutbyggingsfond

 

Gåver tildelt av styret (prosjektkostnad under kr. 400.000) - søknadsfrist 15.september

Styret disponerer desse midlane, og det er årleg søknadsfrist den 15.september.

Les premissar for gåver utdelt av styret 

Søknadsskjema

 

Gåver tildelt av årsmøtet (prosjektkostnad over kr 400.000) - søknadsfrist 31. desember

Prosjekt med kostnadar over 400.000 kan søkja om gåve. Styret tilrår, medan årsmøtet vedtek tildelinga.

Les premissar for gåver utdelt av årsmøtet. 

Søknadsskjema (XLSX, 68KB)

 

Ungdomsstipend - Søknadsfrist 15. april

Søknadskriteria:

  • Alder under 26 år.
  • Stipendet skal berre tildelast utøvarar som har utmerka seg på eit nasjonalt eller internasjonalt nivå innan sin idrett, kultur eller utdanning.
  • Vinnaren av stipendet må vera gode førebilete for Finnås Kraftlag og innbyggjarane på Bømlo.
  • Berre ungdom som er oppvaksen eller heimehøyrande på Bømlo kan søkje og bli tildelt stipendet.
  • Ein kan berre motta stipendet ein gang.
  • Vinnaren skal promotere Finnås Kraftlag på eigna vis.
  • Verdi kr. 25.000,-

Søknadsskjema ungdomsstipend

 

Støtte frå nettutbyggingsfond

  • Dette gjeld støtte til større kostnadskrevjande prosjekt, der det er nødvendig med kostbare forsterkingar eller utbyggjingar av elektrisk nettinfrastruktur
  • Prosjektet må kunne definerast som almennyttig
  • Utbetalingar frå fondet vil berre skje unntaksvis, og det kan gå år mellom kvar utbetaling
  • Mottakar kan risikere å måtte betale tilbake deler av støtta i tilfelle der andre kundar i ettertid må betale tilbake anleggsbidrag til gåvemottakar
  • Styret tilrår, medan Årsmøtet vedtek tildelinga.

Retningslinjer for uttdelingar frå nettutbyggingsfondet (PDF, 157KB)

Søknadsskjema nettutbyggingsfond

 

bilde av ulike lag og organisasjonar