Heimeladar
Heimeladar levert av Finnås kraftlag
Trygg heimelading ved bruk av eigen dedikert lader.
Ferdigmontert frå kun 453,- per månad i 36 månader.
Bestill ladar til din elbil frå ditt lokale kraftlag. Er du kraftkunde hos Finnås Kraftlag AS, tilbyr me tre års rentefri nedbetaling. Er du medlem får du i tillegg kjøpsutbytte på denne handelen.
Slik går du fram:
►Sjekk ut våre ladarar og bestem deg for ein modell som passar deg
►Bestill på vår nettside via bestillingsskjema. (Sjå også nedst på denne sida)
►Moster Elektro kontaktar deg for å avtale synfaring.
►Synfaringa vil avdekke om det er nødvendig med meir utstyr eller arbeid ut over vår standard installasjonspakke. Du vil få informasjon om dette direkte frå Moster Elektro.
►Ca. 14 dagar etter synfaring er ladar montert og du kan lade trygt og raskt via din eigen heimeladar. NB! i ferieperiodar må ein rekne med noko lenger montasjetid.
►Nedbetaling startar og vert krevd inn via straumrekninga dei neste 36 månadane.
Ladarar me tilbyr:
Wallbox Pulsar Plus
- Høg yting i kompakt design som er plasseringsvennleg
- Svart utgåve
- Integrert ladekabel på 7 meter type 2
- Standard installasjon er inkludert
- Opp til 32A ladestraum (22 kW ladeeffekt på 3-fas 400V)
- Juster ladestraumen trinnlaust 6-32A via APP
- Kan leverast med Powerboost som automatisk justerer ladestraumen slik at totalforbruket ikkje overstig bustaden sin maksimalstraum (Tilleggskostnad)
- Kr. 474,- pr. mnd i 36 månadar, totalt kr. 17 060,-
Easee home
Populær ladar produsert i Noreg.
- Justerbar ladeeffekt 1,4 - 22kW (maks 32A)
- Integrert 4G (støttar og Wifi)
- Ladekabel er ikkje inkludert
- Kan leverast med Easee Equalizer (Tilleggskostnad)
- kr. 453,- pr. mnd i 36 månadar totalt kr. 16 340,-
- Easee Equalizer HAN-port modul (Trådlaus lastbalansering) kr. 1 200,- eller 33.34,- pr. mnd.
Standard vilkår
- Montering, tilkopling, konfigurering og test av ladestasjon
- 1 stk. dedikert kurs med opptil 32A automatsikring
- 15 meter kabel forlagt opent på vegg og eventuelt i eksisterande røyr
- 2 stk. kabelgjennomføringar i trevegg og 1 stk. innføring i sikringsskåp på vegg
- Montørreise i Bømlo Kommune
- 4 timar monteringsarbeid
- Dokumentasjon av utført arbeid
Denne installasjonen vil være dekkande for mange. Om du treng overspenningsavleiar, kjem kostnaden for dette i tillegg. Ein må og pårekne ein tilleggskostnad om det ikkje er plass i sikringsskåpet til alt nødvendig utstyr. Fordelen med å velja oss er at vår lokale samarbeidspartnar Moster Elektro tilbyr synfaring der du som kunde får vite om alle kostnadar som eventuelt kjem i tillegg. Eventuelt ekstraarbeid vert eit skriftleg tilbod mellom Moster Elektro og kunde.
Effekt og ladestraum avheng av inntaket til bygningen og kapasiteten i straumnettet. Om det ikkje er kapasitet i nettet til 32A ladestraum, kan ladaren justerast ned til lågare ladestraum.
Bestill ladar:
Nedst i skjema må du krysse av for at du aksepterer avtalevilkåra (PDF, 200KB)