Solceller på flate tak
Solcelleanlegg på flate tak
Vår leverandør Solcellespesialisten har lang erfaring med solcelleanlegg på flate tak. Dei installerer solcelleanlegg i heile landet, og ingeniørane deirar sikrar deg eit fornuftig solcelleanlegg til rett kvalitet og pris.
Slik monterast solcelleanlegg på flate tak
På flate tak installerast solcellepanela på stativ med normalt 10 graders helling, med annakvar rad retta mot aust og vest. Det er fleire grunnar til dette. For det første gir ein aust/vest-konfigurasjon ei flatare straumproduksjonsskurve gjennom heile dagen enn om panela var vinkla berre mot sør.
Aust/vest-orienterte paneler vil gi meir produksjon om morgon og kveld enn eit sørvendt anlegg. 10 graders helling på panela gir mest arealeffektivitet. Ein kraftigare helningsvinkel vil gi skygge slik at rada bak måtte ha blitt plassert lenger vekk. Bare litt skygge på panela bak vil senke effektiviteten med 50-80%.
Eit reint sørvendt anlegg vil levere høgare effekt i eit kort intervall midt på dagen om sommaren, men då må også vekselrettaren dimensjonerast for denne høge effekten, noko som ofte vert fordyrande.
Installasjon på flate tak er svært kostnadseffektivt. Anlegget ligg laust på taket, holdt nede av anleggets tyngde og ballast (ofte betongstein). Korr mykje ballast som skal til, bestemmast av vindlasta rundt bygget og friksjonen mot takbelegget. Typisk krevast det meir ballast mot anleggets randsone enn midt på. Dette er noko vår leverandør reknar ut for kvart enkelt prosjekt, og det tas sjølvsagt og omnsyn til gjeldande krav til snølast der anlegget skal monterast.
Anleggets storleik og forventa straumpris
For kvart prosjekt analyserar me kundens straumforbruk. AMS-målarane gir oss detaljert timesdata tilbake i tid, slik at me kan berekne tilpassa storleik på solcelleanlegget. Om verksemda har planer om elektrifisering av køyretøy, truckar og liknande, kan me dimensjonera for framtidig ladeeffekt. Med dagens ordningar for sal av solstraum, er det normalt ikkje lønsamt å installere for overproduksjon.
For kvart prosjekt vert det laga ein LCOE-analyse - levelized cost of energy. Den vil ta omsyn til investeringskostnaden og alle drifts- og vedlikeholdskostnadar gjennom anleggets levetid, og viser kva solstraumen vil koste pr. kWh gjennom anleggets levetid på 30 år. Ofte ser me då en kWh-pris på 28-35 øre for flate tak på næringsbygg, litt avhengig av omfanget av elektrikararbeidet på vekselstraummsida.
På flate tak kan du som ein tommelfingerregel installera 165Wp med solceller pr m2 totalt takareal. For solcellepanel oppgis effekten nemlig i Wp, som er ein effekt som oppnås under standard testforhold med hensyn til solinnstråling, temperatur og atmosfærisk trykk - forhold som sjelden inntreff i Norge.
Erfaringsvis vil 165 Wp pr. m2 takareal produsere opp mot 135-140 kWh med strøm pr år pr m2 med totalt takareal. For eksempel kan du på eit tak med totalt areal på 1000m2 installere 165 kWp, og dette vil då produsere 135.000-140.000 kWh pr år.
Prisdrivarar for solcelleanlegg på flate tak
Dei rimeleaste solcelleanlegga kan byggjast der ein kjem til med mobilkran rundt heile bygget, slik at ein enkelt kan heise panel og monteringssystem opp på taket.
Flate tak er hoveudsakeleg tekka med bitumen/asfalt-belegg eller folie. Det er noko dyrare å montere på folie, siden den gir mindre friksjon som må kompenseres for med meir ballast for å holde anlegget på plass.
Det er også ein fordel å holde anlegget minimum 3 meter fra takkant. Dette fordi arbeid nærmere enn 2 meter fra takkant krev sikring i form av sele og tau eller stillas eller rekkverk rundt heile byggets kant, noko som er prisdrivande for monteringa.
Det lokale kravet til snølast har og noko å seie for prisen på festesystemet, då høgare snølastkrav vil krevje ekstra skinner og festemateriell under solcellepanela. Snølast under 2,5 kN/m2 vil ha positiv effekt på pris. Då held det å ha ei skinne og klemme på kvar ende av panelet. På Bømlo er snølasta 1,5kN/m2. Dersom snølasta er høgare, krevst det ei tredje skinne under panela for at anlegget skal tåle vekta av snøen. Det gjer anlegget dyrare.
Rundt 10 års nedbetalingstid
For flate næringstak er nedbetalingstida på solcelleanlegg erfaringsvis +/- 10 år. Grunnen til at nedbetalingstida er kortere for flate næringstak enn for einebustadar, har å gjere med at det er enklere å montere på flate tak, og stordriftsfordelar knytta til prosjektets storleik. På store prosjekt kan f.eks. alle solcellepanela fraktast direkte i kontainarar frå fabrikken til byggjeplass utan lagring og mellomlagring.
Med dei høge energiprisane me har sett i 2022, vil nedbetalingstida bli vesentleg redusert. Dette avheng sjølvsagt på prisutviklinga framover, og om prisane er like høge i dei timane når produksjonen er på sitt høgaste.