Etter at vekselrettar og solcelleanlegg er montert kan ein laste ned ein APP der ein kan sjå kurver over produksjon og data frå anlegget. Montør vil hjelpe til med installasjon av APP ved overlevering av anlegget.

Abbonnement på appen er inkludert det første året. Deretter må ein betale ( pr. 5/1-2023) kr. 39,- pr. mnd om ein vil behalde denne funksjonen. Kostnad vert fakturert på forskot og pr. år. (totalt kr. 468,-)

Appen skal fungere både på Iphone og Android telefonar.

Finnås kraftlag har og ein eigen APP for våre straumkundar. Denne appen viser kva du som kunde matar inn /sel av straum inn på nettet. Les meir om vår APP her