Bruk den billigaste straumen og reduser forbruket utan at det går ut over komforten. Eva er enkelt å bruke og enkelt å tilpasse. Eva passer på at du ikkje bruker for mykje straum samtidig. 

Grunnpakke

Pris for grunnpakken (før enovastøtte) er kr. 9.990,- (eller 278,- per månad i 36 månader med rentefri nedbetaling).

Styringa skjer via ein app der abonnementet kostar kr. 49,- pr. mnd.

Dame og vaskemaskin

ENOVA støtte:

Enova gir støtte til system som kan styre minimum to produkt basert på straumpris, kapasitetsledd og måling av forbruket. Har du kjøpt elbilladar dei siste 12 månadane ved søknadstidspunkt, kan ein og ta med denne kostnaden som grunnlag ved søknad om støtte. Ein kan få opp til 35% i støtte av totalkostnad. Utbetalt beløp kan ikkje overstige kr. 10.000,-. Det betyr at ein kan få full støtte ved totale kostnadar på kr. 28.570,-

Har du kjøpt ladar dei siste 12 månadane kan du få kostnaden med som grunnlag for ENOVA støtta. Då får du omtrent strømstyringspakken "gratis"

 

Pakkeløysing

 

 Bestill her  

 

App - Eva strømstyring

Kva kan EVA Strømstyring tilby deg:

Styring basert på straumpris

Systemet kan slå av og på utstyr basert på straumpris. Straumprisen vert automatisk inndelt i tre kategoriar kvart døgn. Desse kategoriane er billeg, normal og dyr

Styring basert på kapasitetsledd

Systemet kan slå av og på utstyr basert på definert kapasitetsledd.

Om ein sett grensa på eksempelvis 5 eller 10 kW, vil systemet forsøke å slå av førehandsdefinert utstyr dersom ein trur at forbruket kjem til å passere grensa ein har sett.

Styring basert på tidspunkt eller sensorar

I tillegg til straumpris og kapasitetsledd, kan ein styre basert på klokkeslett, eller målingar gjort av sensorar med Zigbeekommunikasjon. Tilsette i Finnås kraftlag vil kunne hjelpe med råd og tips til ulike programmeringar. Me har personell lokalt som etter kvart vil bli ekspertar på dette systemet.

Kva kan styrast?

I grunnpakken får ein med ein termostat og eit rele til varmtvassberedaren. Systemet kan og styre eksisterande ladarar frå Easee og Zaptec. Om litt skal dei og kunne styre Wallbox ladarar.

Grunnpakken kan utvidast med fleire termostatar, relè og sensorar av ulike typar. Systemet taklar det meste av utstyr som kommuniserer via Zigbee. Eksempelvis Phillips Hue produkt.

Reduser straumforbruket med inntil 15% frå første dag -  SÅ enkelt!  #BrukEnergiPåNokoAnna 

(Gjennomsnitt per sensor som er styrt av Eva)

 

Grunnpakke

  • Montering og tilkopling av medfølgande utstyr
  • 1 stk. HUB (Sentral som skal kommunisere med alt utstyret)
  • 1 stk. målaravlesar som les av info frå målaren via HAN-porten
  • 1 stk. termostat
  • 1 stk. rele for varmtvassberedar eller anna elektrisk utstyr
  • Mulig å kople opp enkelte elbilladarar og lade bilen basert på straumpris og/eller kapasitetsledd
  • Vegleiingsskjema for å legge inn grunnleggande automatisering
  • Montørreise i Bømlo Kommune
  • Dokumentasjon av utført arbeid
  • Grunnlegande hjelp frå tilsette i Finnås Kraftlag til å komme i gang (ved behov i ettertid av installasjon)

.Bilde av EVA smart utstyr

Denne installasjonen vil være ein god start for mange til å komme igang med eit enkelt smarthus. Du kan då styre dei største straumforforbrukarane . Ein må og pårekne ein tilleggskostnad om det ikkje er plass i sikringsskåpet til alt nødvendig utstyr. Fordelen med å velja oss er at me har personell på øya som kan hjelpe til ved behov. Eventuelt ekstraarbeid vert eit skriftleg tilbod mellom installatør og kunde.


Bestill Smart strømstyring i dag. Då vil du få god hjelp av ditt lokale kraftlag. Er du kraftkunde hos Finnås Kraftlag AS, tilbyr me tre års rentefri nedbetaling. Er du medlem får du i tillegg kjøpsutbytte på denne handelen.

Slik går du fram:

►Sett deg inn i produktet via våre nettsider, eller ta kontakt med Finnås kraftlag for meir informasjon

►Bruk bestillingsskjemaet nedanfor for å bestille

►Teca AS vil kontakte deg for å avtale installasjon.

►Samtalen med representant frå Teca vil avdekke om det er nødvendig med meir utstyr eller arbeid ut over vår standard installasjonspakke. Du vil få informasjon om dette direkte frå Teca.

►Ca. 14 dagar etter synfaring er systemet montert og du kan spare straumkostnadar vha av eit smarthus.NB! i ferieperiodar eller ved stor pågang må ein rekne med noko lenger montasjetid.

►Nedbetaling startar og vert krevd inn via straumrekninga dei neste 36 månadane. Nedbetalingsordninga krev at ein er straumkunde hos Finnås Kraftlag AS i heile nedbetalingsperioden. Dersom ein byter til annan kraftleverandør vil restsum av nedbetalinga verta fakturert på neste faktura.

►Så snart ein har fått all nødvendig dokumentasjon kan ein søkje ENOVA om støtte.NB! her kan ein ta med tidlegare kostnadar for eksempelvis elbilladar 12 mnd tilbake i tid.

 

Bestill Eva strømstyring:

Nedst i skjema må du krysse av for at du aksepterer avtalevilkåra (PDF, 200KB) (211KB)

Bestill EVA strømstyring








EVA Hub 

EVA målaravlesar

CTM rele varmtvatn

CTM Lyng termostat kvit

CTM Lyng svart termostat





Betalingsløysing(NB! Krav om kjøp av kraft frå Finnås kraftlag AS)