Finnås kraftlag er ein av fleire partnerselskap i Altibox familien. Produkthuset Altibox er eigd av Lyse AS i Stavanger og leverer i dag tv-, internett- og telefoni-produkt til meir en 400 000 fornøgde kundar i heile Noreg og deler av Danmark.

Finnås Kraftlag er underpartner av Haugaland Kraft.

Med meir enn 90% marknadsandel på internett og om lag like god marknadsandel på tv, viser at me er den føretrukne leverandøren på Bømlo.

Me er nær kundane våre og har kontor i Hollundsdalen 1 på Bremnes. Avdelinga vår har 3,5 merkantilt tilsette og 4 montørar og syt for bygging, drift, faktura og lokal kundeservice for kundane våre.

For 8. år på rad er Altibox og Finnås Kraftlag kåra til Norges beste breibandsleverandør og me skårar spesielt godt på kundeservice. Dette kjem av at me er tett på kundane våre, er svært tilgjengelege og er ein ansvarsfull leverandør av infrastruktur.

Her på heimesidene våre finn du ein del lokalt tilpassa informasjon, men mest peiker me til Altibox sine internettsider. Der finn du svar på omtrent alt du måtte leita etter.