Feilmelding

Det er heldigvis sjeldan at straumen vert vekke. Når det likevel skjer, kan grunnane til dette vera fleire.
Nokre gonger må nettselskapet kopla frå straumen for å utføra naudsynt vedlikehald av straumnettet. Før planlagt straumstans sender ein ut varsel om dette, som inneheld dato og tidspunkt for straumstansen. Du vil motta varsel om straumstans på e-post eller sms.
Feilmeldingstelefon:
Har du observasjonar eller informasjon som er viktig for vår feilsøking og feilretting er det viktig at nettselskapet Bømlo Kraftnett får beskjed.
Ta kontakt på vakttelefonen til Bømlo Kraftnett dersom straumen vert borte, eller du observerer trefall eller leidningar som ligg på bakken.
Me advarar publikum mot å komma i kontakt med leidningar som ligg på bakken då desse kan vera straumførande.
Bømlo Kraftnett sin døgnbemanna vakttelefon: 952 20 674.
Har du observasjonar eller informasjon som er viktig for feilsøking og -retting kan du melda frå på samme vakttelefon.
Om straumen vert vekke
Sjølv med jamnleg vedlikehald kan det likevel av og til oppstå feil/skadar på nettet som fører med seg straumbrot. Bømlo Kraftnett oppdaterar nettsidene og Facebook-sida ved straumbrot. I nokre tilfelle vert det sendt ut SMS med informasjon om feil i nettet.
Før du ringer nettselskapet kan det vera lurt å ta ein kikk ut av vindauget og sjå om naboen har lys. Dersom lyset er vekke hos fleire naboar, kan dette tyda på at feilen ligg i nettet utanfor bustaden din.
Dersom feilen ikkje ligg i Bømlo Kraftnett sitt nett bør du ta ein liten kontroll av ditt eige anlegg:
- Kontroller at sikringane er intakte
- Har du automatsikringar kontrollerar du at desse står i rett posisjon (slått opp)
- Har du jordfeilbrytar sjekkar du at denne står i rett posisjon
- Ver merksam på at du kan ha inntakssikringar som gjerne er plassert på loftet eller i eit skap ute på grunnmuren.
Bømlo Kraftnett har ansvar for feil i nettet fram til husveggen. Dersom feilen ligg i huseigar sin eigen installasjon må ein el-installatør kontaktast for feilretting.
Ved vaktutrykking der feilen visar seg å liggja i kunden sin eigen installasjon, fakturerer Bømlo Kraftnett kunden.