Kvart år bereknar NVE ein klimadeklarasjon for fysisk levert straum i Norge for fjoråret.

Berekninga tar omsyn til at me utvekslar straum med landa rundt oss og inkluderar klimagassutslepp frå importert straum. Modellen tar ikkje omsyn til at Norge normalt importerer straum når det er overskot av vind og solkraft som er fornybar straum. I stadan brukar modellen den europeiske miksen uavhenging av når me importerar straum. Denne metoden avvik og frå det nasjonale utsleppsregnskapet som kun omfattar utslepp som skjer innan landets grenser.

Om ein ikkje kjøper opprinnelsesgaranti, kan ein rekne ut klimaavtrykket ved å bruke NVE si klimadeklarasjon for fysisk levert kraft. For 2025 er snittet av levert straum etter NVE si berekning frå 98,82% fornybare kjelder og berekna 9,4g Co2 pr. levert kilowatt time (kWh)

Sjå NVE sine sider for ytterlegare informasjon

Finnås Kraftlag AS sel ikkje opprinnelsesgaranti for våre straumprodukt. Straumen flyt kortaste veg og den kjem difor fysisk frå dei kraftverka eller solcellene som er nærast der ein brukar straumen. Det er imidlertid laga eit system der kraftleverandørane kan kjøpe sertifikat (opprinnelsesgaranti) som dokumenterer kva type straum ein kjøper og sel vidare. Bømlo Kraftnett kjøper ikkje slike sertifikat.

Sidan me ikkje kjøper opprinnelsesgaranti, er me pålagde å vise til NVE sin varedeklarasjon. Denne berekninga er ei teoretisk berekning basert på straum som det ikkje er kjøpt opprinnelsesgaranti for. Berekninga skjer i ettertid, og tala for fjoråret vert normalt publisert av NVE i juni.

Varedeklarasjon 2025

Sjå NVE sine sider for ytterlegare informasjon