Straumprisen blir fastsatt på den nordiske børsen ca. kl 13:00 dagen i førevegen. Prisen vil normalt variere frå time til time. Som regel er den dyrast om morgon og ettermiddag. For å sjå kva straumprisen er neste døgn, kan ein gå inn på Nordpool sine nettsider og søke opp Kristiansand (NO2). Merk at prisen er oppgitt i Euro pr. MWh. Det er muleg å endre valet til NOK pr. MWh. Det er nomalt å oppgi straumpris i øre/kWh. For å få prisen i øre/kWh må ein dele på 10. (Eigentleg dele på 1000 for å omregne frå MW til KW og gange med 100 for å få kr til øre) Prisen hos Nordpool er og oppgitt utan MVA , påslag til kraftleverandør og nettleige.

Finnås Kraftlag kjøper straumen til spotpris. I tillegg tar me eit påslag på 5 øre/kWh inkludert moms.

Nedanfor har me vist eit eksempel på kva straumprisen blir for deg som kunde av Finnås Kraftlag AS den 1. og 2. februar 2021. Me har som sagt eit påslag på spotprisen på 4 øre pluss moms (5 øre m/moms). Prisen i den blå kolonna viser det du som kunde må betale til ei kvar tid. Nettleiga kjem i tillegg.

Er du interessert i kraftmarknaden og ynskjer å sjå kraftflyten og kraftprisane i dei ulike prisområda, har Statnett ei interessant nettside som viser live data. Ein kan og sjå historiske verdiar nokre dagar attende. Link til sida finn ein her.

Om du har spørsmål om straumpris og timesavrekning er det berre å ta kontakt med dei kjekke folka på vårt sentralbord.

Eksempel på berekning av straumpris som kunden må betale