SiggjoI løpet av 2019 har dei aller fleste husstandane i vår region og i Noreg fått installert smarte straummålarar (AMS). Dei nye målarane registrerer automatisk straumforbruket ditt time for time. Med dei gamle målarane blei straumen avlest og stipulert ein gang i månaden.

Timeprising gir ei meir presis avrekning og betyr at du som kunde betaler nøyaktig det straumen kostar den enkelte time på kraftbørsen, pluss vårt tillegg for det strømproduktet du har hos oss*.

Dei fleste kundane våre har vårt spotprodukt "Spot-on-Bømlo". På Mi Side kan du sjekke kva straumprodukt du har og kva forbruket ditt har vore i den enkelte time.

(*Gjeld ikkje kundar med fastprisavtale og kundar utan AMS målar).

Korleis blei straumprisen avrekna før innføring av timepris?

Spotprisane fra Nord Pool, den nordiske kraftbørsen, varierer vanlegvis noko time for time gjennom døgeret. Det var ikkje mogleg å sjå timesforbruk med dei gamle straummålerane. Derfor blei vår pris ut til deg som kunde rekna ut frå ein gjennomsnittspris av spotprisane vekta opp mot normal forbrukskurve. Konsekvensen var at to kunder som brukte like mykje straum men til ulike tider og til forskjellig timepris, likevel betalte den same gjennomsnittsprisen.

Kvifor har me starta med timeprising av straumen?

Ein timebasert pris er meir rettferdig ovanfor den enkelte forbrukar – du betaler kun for den straumen du faktisk brukar den enkelte timen. Timeprising åpnar også opp for at du som kunde kan påverke di eiga straumrekning i større grad enn tidligare.

Vel du å bruke straumen smart, for eksempel ved å flytte elbillading og klesvask fra ettermiddagen til kveldstid når straumen er billegare, skal du belønnast med lågare straumutgifter. Å vaske klær og kjøre oppvaskmaskin på natta er ikkje noko me anbefalar. Å lade elbil med eigen dedikert elbilladar er noko som kan skje nattestid når straumen som regel er rimelegare.

Kvar kan eg sjekka den gjeldande timeprisen?

Variasjonen i straumprisane time for time kan du sjå på Nordpool sine sider. Vårt påslag for det straumproduktet du har valt og moms kjem i tillegg.

Korleis kan eg sjekke mitt eige straumforbruk time for time?

Ei detaljert oversikt over ditt straumforbruk time for time, finn du ved å logge deg inn på Mi side.