Varedeklarasjon

Alle kraftleverandørar skal informera kundane sine om samansetninga av kjeldene bak leveransane av elektrisk energi føregåande år. Dette kan kallast ein varedeklarasjon. Kravet følgjer av pålegg gjeve i eldirektivet.
Finnås Kraftlag har ikkje eigen varedeklarasjon, men viser til NVE si berekning av samansetning av kraft frå ulike energikjelder (forbruksmiks). På grunn av at få forbrukarar i Norge kjøper opprinnelsesgaranti, inneheld denne produktmiksen lite vasskraft og fornybar energi. Om ein ser på fysisk levert kraft i stikkontakten, vert situasjonen ein annan. Denne fordelinga finn ein under fana Klimadeklarasjon
Meir om denne varedeklarasjon finn du hos NVE, NVE sin varedeklarasjon for 2021