Nettselskap og Enova stiller krav om at eigarar av solcelleanlegg inngår  plusskunde- eller prosumentavtale med nettselskapet. Det er og krav om at ein inngår avtale med eit straumselskap som leverer og kjøper straumen til og frå anlegget. I Finnås kraflag AS sitt område er det Bømlo Kraftnett AS som er nettselskap og som det må etablerast ein plusskundeavtale med. Finnås Kraftlag har eit straumprodukt der me kjøper overskotsproduksjonen til spotpris, medan forbruket blir seld med standard påslag. Det er og mogleg å knyte slike anlegg opp mot norgespris. På den måten er ein garantert å kjøpe til norgespris (for tida 50 øre) og kan selje til spotpris.

Sjå Finnås kraftlag sine vilkår for kjøp og sal av kraft her (PDF, 169KB)

Tidlegare solgte me solcelleanlegg. Dette har me slutta med, men nedanfor kan ein finne vilkåra som gjaldt for dei som har kjøpt.

Vilkår for kjøp av solceller (PDF, 218KB)

Spesielle vilkår og praktiske opplysningar ved kjøp av Solcelleanlegg (PDF, 156KB)

Link til Bømlo Kraftnett sine vilkår for plusskundar finn du her

Kontrakt