Driftsingeniør
Vil du være med å utvikle og drifte straumnettet på Bømlo?
Ved Bømlo Kraftnett er det ledig stilling som driftsingeniør. Nettselskapet har 9000 kundar og 17 tilsette. Som driftsingeniør vil du ha ansvar for eigne prosjekt, frå planlegging til gjennomføring og dokumentasjon. I tillegg vil du vera ein del av laget som sikrar at innbyggjarane på Bømlo har straum døgnet rundt heile året.
Arbeidsoppgåver:
-
Planlegging og prosjektering av straumnettet, både høg- og lågspent
-
Oppfølging av prosjekt
-
Dokumentasjon i nettinformasjonssystem
-
Oppfølging mot installatørar, kundar, entreprenørar, grunneigarar og utbyggjarar
-
Sikre optimalisering av nettet gjennom innovative løysingar og teknologiar
-
Inngå i avdelinga sine oppgåver og ansvar
Stillinga inngår i vaktordning, som overordna vakt. Det stillast krav om opphald i Bømlo kommune i vaktperioden.
Ønska kvalifikasjonar:
-
Sivilingeniør/ingeniør/teknisk fagskule innan elkraft eller elektrofag.
-
Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje eit krav
-
Aktivt forhold til HMS
-
Førarkort klasse B
-
God IT-kunnskap
-
God forståing for prosjektarbeid og økonomi
Personlege eigenskapar:
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
-
Du trivst med høgt arbeidstempo
-
Godt humør
-
Du er ikkje redd for å ta ansvar
-
Du har høg gjennomføringsevne
Bømlo Kraftnett AS er eit nettselskap som eig og driftar straumnettet på Bømlo, med unnatak av Brandasund. Selskapet er eit heileigd dotterselskap av Finnås Kraftlag SA. Konsernet har til saman 32 dyktige tilsette.
Våre verdiar er:
-
Servicevennlege
-
Dyktige
-
Rettskafne
-
Offensive
Desse verdiane skal våre tilsette ha med seg i alt dei gjer, som ei rettesnor for korleis me samarbeider og vala me tek.
Me tilbyr:
-
Konkurransedyktig løn
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Ei nøkkelrolle i eit selskap under utvikling
-
Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
-
Spennande og variert arbeidskvardag
-
Gode moglegheitar for fagleg utvikling
-
Velferdshytte og sosiale aktivitetar