Årsmøtet i Finnås Kraftlag BA vedtok den 22.09.2010 at føretaket skal vera eit samvirkelag etter reglane i den nye samvirkelova og med føretaksnamnet Finnås Kraftlag SA. Samstundes vedtok årsmøtet å endre vedtektene til føretaket slik at vedtektene no stettar krava i samvirkelova.
§ 14 definerer overgangsreglar.

Overgang frå partar til medlemskap

Finnås Kraftlag SA vil no gjennomføra årsmøtet sitt vedtak. Ein skal då oppskrive partar i tråd med § 14, gjennomføre utbetaling og etablere eit medlemsregister.

   1.    Parteigarar med aktivt kundetilhøve

Alle parteigarar som me finn registrert i vårt kunderegister vil,i løpet av oktober 2011, motta brev der medlemskapen vil bli stadfesta. Ein vil då få opplyst kva verdi partane har etter oppskriving.
Deretter vil kroner 300,- bli sett inn på medlemskonto, og det overskytande vil bli trekt i frå på neste faktura frå Kraftlaget, med forfall 01.11.2011. Dersom beløpet er overkr 1500,- vil beløpet verta utbetalt til konto. For at beløp over kr 1500,- skal verta utbetalt, må ein senda inn skjema «Søknad om utbetaling». Dersom ein ikkje ønskjer medlemskap, kan ein be om å få partane innløyste.

   2.    Parteigarar som ikkje stettar kravet til medlemskap

Partar registrert på personar som ikkje lenger er kundar i Finnås Kraftlag, eller avlidne, vil kunne løysast inn mot gyldig dokumentasjon. Saman med gyldig dokumentasjon for at de er rett eigar av partbrev som ikkje lyder på dykkar eige namn, er det ynskjeleg at originalpartbrevet også vert sendt inn. Dei som ber om det, kan få originalpartbrevet attende påstempla at det er innløyst.
I tillegg må eige «Skjema for innløysing av partar» fyllast ut.

   3.    Kundar som ikkje er parteigarar

Kundar som stettar krava i § 4 i vedtektene, vil få tilbod om å teikna medlemskap.

Du finn meir informasjon og naudsynte søknadsskjema på heimesida vår:  www.finnas-kraftlag.no , eller ved å venda deg til oss på telefon 53 42 89 00

Krav til dokumentasjon

Person som har partbrev som ikkje lyder på eige namn må dokumentera at han/ho no er rette eigar av partbrevet for å få utbetalt innløysings-summen. Dersom partbrevet er kjøpt vil dokumentasjon på kjøpet, t.d. kjøpekontrakt, vere dokumentasjon. Dersom partbrevet er arva vert det kravd skifteattest som viser at den som har partbrevet er den som står for skiftet etter parteigaren, eller har arva partbrevet.
Dersom ikkje slik dokumentasjon ligg føre, krev ein fullmakt frå alle arvingar. Den som har overtatt buet uskifta etter den parteigaren som partbrevet er utskrive til, må dokumentere dette med uskifteattest.

Finnås Kraftlag SA oppmodar alle som vil løyse inn partbrev som ikkje lyder på eige namn om å skaffe godkjent dokumentasjon og leggja dette ved søknaden. Søknader utan tilfredsstillande opplysningar eller vedlegg vert returnert.

Der det ikkje kan leggast fram annan fullgod dokumentasjon som er rettsleg haldbar for eigarskapet til partbrevet, vert ikkje partbrevet innløyst.

Frist for innløysing av partbrev er 31.12.2012. Partbrev som ikkje vert løyste inn på grunn av uklåre eigartilhøve eller manglande eigardokumentasjon, vil kunne løysast inn seinare med dei beløpa som er vedteke (dvs. utan ytterlegare renter) dersom naudsynt dokumentasjon vert skaffa fram.

Personar som har problem med å kunne dokumentere eigarskapet til eit partbrev vert også oppmoda til å ta kontakt med Finnås Kraftlag SA.

Bremnes oktober 2011

Finnås Kraftlag SA

Torleiv Fylkesnes
styreleiar

 

§ 4.2  Medlem kan vera  

Personar som er folkeregisterførte i Finnås Kraftlag sitt konsesjonsområde og alle organisasjonar/ verksemder som kjøper varer eller tenester frå laget.

For eigarar av partar som er erverva før 01.10.2010, gjeld ikkje kravet om å vera folkeregisterført i konsesjonsområdet.

§ 4.3 Sams medlemsskap

To eller fleire personar kan ha ein medlemskap saman, jf. Samvirkelova § 19. Dei må i så fall oppnemna ein av dei til å opptre overfor kraftlaget.

Når fleire personar har ein medlemskap saman, skal alle førast inn i medlemsregisteret. Det skal gå fram at kvar av dei har medlemskapen saman med andre.

 

§ 14 Overgangsreglar

I tilknyting til vedtak om endring av vedtekter skal det gjennomførast ein fondsemisjon. Emisjonen vert gjennomført ved at dei tidlegare partane i Finnås Kraftlag vert oppskrivne tilsvarande ei årleg forrenting på 4,35% frå kjøpstidspunkt og fram til 31.12.2010.

Frå den summen dei tidlegare parteigarane på denne måten får til gode, skal det setjast til side kr. 300,- som skal reknast som medlemsinnskot. Resten av summen skal utbetalast til dei tidlegare parteigarane.

Parteigarar som ikkje får godskrive kr. 300,- må betala inn det som manglar som medlemspengar.


 Skjema (pdf eller word i lenke opp til høgre på sida)

  • Søknad om medlemskap (Automatisk innsending av skjema, sjå nedst på sida)
  • Søknad om innløysing av partar som står i eige namn eller uskifte
  • Søknad om innløysing av partar der eigarskap må dokumenterast
  • Fullmakt for innløysing av partbrev