Finnås Kraftlag har endra selskapet sine vedteker med verknad frå 22.09.2010, og er no registrert som eit samvirkeføretak. For å bli medlem må du vera kunde hos Finnås Kraftlag og folkeregisterførte i Bømlo kommune.

Med overgang til medlemskap vil alle som var registrert som parteigarar per 01.10.2010, og som stettar kravet til medlemskap etter nye vedteker, no verta overført til medlemer i samvirket. I desse dagar vert det sendt ut medlemsbevis til alle kundar som eig partar i kraftlaget.  Dei av kundane våre som ikkje er parteigarar, og som tilfredsstiller kravet til medlemskap i vedtektene, vil no få tilbod om å teikna medlemskap.

 Det elektroniske parteigarregisteret vårt kan vera noko mangelfullt, og namnet kan vera ulikt registrert i parteigarregisteret og kundesystemet vårt. Det kan også vera tilfelle at kundetilhøvet ditt er registrert på eit anna namn i husstanden. Det kan difor vera nokre parteigar som ikkje har fått medlemsbevis, fordi me ikkje har klart å i identifisere dei. I så fall ber me om at du snarast mogleg tek kontakt, slik at me kan få retta opp i dette.

Medlemskap i Finnås Kraftlag lønar seg

Som medlem har du høve til å få del i overskotet i laget. Inntil 35% av det årlige overskotet kan, etter vedtak i årsmøte, nyttast til etterbetaling (kjøpsutbyte) til medlemane. Kor mykje kvar medlem får i slik etterbetaling, er basert på den einskilde medlem sin handel med laget siste året.  

Korleis bli medlem?

Ynskjer du å teikne medlemskap, gjer du dette ved å fylla inn , og så vil du motta bekrefting frå oss. Har du spørsmål kan du nå oss på telefon 53 42 89 00 mellom kl 07.30 og 15.00.

Eit medlemskap i Finnås Kraftlag kostar kr 300,- . Dette medlemsinnskotet vil bli utbetalt når eventuelt kundetilhøvet og medlemskapen opphøyrer. Det skal ikkje betalast årleg medlemskontingent til laget. 

Me håpar du nyttar deg av tilbodet om å teikne medlemskap.