Premissar for gåver tildelt av årsmøtet

Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirkelag med skiftande medlemstal og kapital. Det at føretaket er eit allmennyttig selskap vil seia at det skal vera til gagn for allmenta. I vedtektene § 2 står det at føretaket kan yta gåver til tiltak med allmennyttige føremål i konsesjonsområde.

I ”Lov om samvirkeføretak”  § 34 Gåver står det:

(1) Årsmøtet kan vedta å gi høvesgåver, og dessutan gåver til samvirkeformål eller allmennyttige formål som er rimelege utifrå formålet med gåva, stillinga til føretaket og omstenda elles. Retten til å gi gåver kan delegerast til styret eller eit anna organ.

(2) Styret kan til same formål gi gåver som har lite å seie i forhold til stillinga til føretaket.

Øvste grensa for utdeling av midlar er totalt 8 millionar. Det er naturleg at ein vurderer storleiken på gåver ut frå overskotet i verksemda og tidlegare gåveutbetalingar. Ein kan tolerere større gåvebeløp enkelte år der større prosjekt er planlagt utført. Gåva/forskoteringa skal vera allmennyttig. For at gåver til utbyggings-/rehabiliteringsprosjekt skal handsamast av årsmøte, bør utbyggingskostnaden på prosjektet vera minst kr.500.000. For spesielle prosjekt som styret vurderer som årsmøtesak, kan totalkostnaden med prosjektet vera lågare.

Med allmennyttig føremål meiner ein:

  • Idretts- og kulturbygg/anlegg
  • Forsamlingshus/Lagshus

Årsmøte kan kvart år setja av inntil kr. 2.000.000 til fond for allmennyttige føremål (eldre, ungdom, m.v.), som styret disponerer.

Søknadane om gåver må gjerast på utarbeidd skjema. Skjema er bygd opp på same måte som søknad om tippemidlar.

For alle gåvetildelingar gjeld fylgjande;

Før beløpet kan utbetalast, må søkjaren:

• ha gjort formelt vedtak om bygging

• ha sett i gang den faktiske bygginga

• leggja fram ein bindande finansieringsplan med nødvendige tilsegner

• senda inn ei skriftleg eigenerklæring som stadfester: o at alle vilkåra ovanfor er oppfylte o at ein planlegg å gjennomføra prosjektet i samsvar med innsend søknad

Utbetaling skjer slik:

• 75 % av stønadsbeløpet vert utbetalt ved anleggstart.

• Resterande 25 % vert utbetalt når prosjektet er sluttført og godkjent anleggsrekneskap er lagt fram. 

Atterhald:

1. Endring  omfang: 

Dersom omfanget av prosjektet vert vesentleg redusert, skal gåva reduserast tilsvarande forholdsmessig.

2. Endring faktisk kostnad: 

Dersom dei faktiske kostnadene er under 90 % av estimat i søknad, kan gåva bli redusert forholdsmessig. 

Søknadsfrist 31. desember.