Bilde av tilsette i arbeidssituasjonar

Fagleg utfordrande

Kraftnettet må tåla vèr og vind, og vera i drift kvar time året gjennom. Dette set dei høgste krav til fagleg utføring. Raske samfunnsendringar krev ei kraftforsyning med god struktur.

 

Sterk miljøfokus

Det aller meste av straumen me leverer er rein vasskraft. Utvikinga innan andre fornybare energikjelder er spanande.

 

Allsidige arbeidsoppgåver

I storm og stilla, frå kabelgrøft til høgast i masta. Frå grov høgspentkabel til den finaste fibertråd. Frå strenge prosedyrar for høgspent til sovande vakt.
 

Ettertrakta kompetanse

Med sertifikat for høgspent- og lågspentarbeid er du ettertrakta i arbeidsmarknaden.

Les meir om korleis du kan bli utdanna for energibransjen >>> (PDF, 761KB)

Godt arbeidsmiljø

Teamarbeid, og sjølvstendige arbeidsoppgåver.

Grei løn, vaktordning og avspassering. Arbeidstad på Bømlo, - du kjem heim til middag kvar dag.

 

Frisk luft

- i massavis -

  

Bilde av tilsett Johnny Rolfsnes som seier "Spanande utfordringar"Spanande utfordringar

Eg kan sjå tilbake på 20 interessante år i Finnås Kraftlag.

- etter 2 år på Rubbestadnes Yrkeskule var eg heldig og fekk lærlingplass her på Finnås Kraftlag. Fagprøven som energimontør tok eg etter 2,5 år.  Seinare har eg hatt mange utfordrande oppgåver som montør og montørformann i Kraftlaget.  Dei 3 siste åra har eg vore med på den store fiberutbygginga til Kraftlaget, og levering av breiband til ”heile” Bømlo.

“Ingen dagar er like, alle fulle av spanande utfordringar”

Johnny Rolfsnes
Koordinator breiband

 

Bilde av tilsett Reidar Haugland som uttalar "Kjekt å vera tilbake""Kjekt å vera tilbake"

Etter fleire år i anna verksemd er eg tilbake i Kraftlaget. Eg trivdes der eg har vore, men det er kjekt å vera tilbake.

Godt fagleg miljø og godt kameratskap er viktige faktorar når ein skal velja arbeidsplass. Friskt uteliv, gjerne med storm og uvèr gjer kraftlagskvardagen ekstra givande!”

Reidar Haugland
Energimontør

 

Bilde av tilsett Steffen Rolfsnes som uttalar "Eg har lært utruleg mykje""Eg har lært utruleg mykje"

I løpet av hausten tar eg fagprøven som el-kraftmontør, etter å ha vore tilsett som læring i 2,5 år.

Å koma rett frå skulebenken til ein kvardag fylt med nye, og for meg ukjende praktiske arbeidsoppgåver høgt i stolpane, har vore utfordrande. Samarbeidet med dei andre i Kraftlaget har gitt meg verdifull kraftproduksjon, alt basert på solid teknisk kompetanse.

"Læretida i Finnås Kraftlag har  vore ei utruleg viktig tid for meg. Med "snart" montørsertifikat i lomma, er eg klar for nye utfordringar" 

Steffen Rolfsnes
lærling

 

Bilde av tilsett Rune Nesse som uttalar "Innsikt og forståing"

"Innsikt og forståing"

Heile samfunnet er avhengig av eit fungerande kraftnett og ein sikker kraftproduksjon, alt basert på solid teknisk kompetanse.

Rune Nesse