Gåver til allmennyttige føremål
Finnås Kraftlag deler ut gåver til allmennyttige formål, og me har to ulike søknadsordningar. I tillegg deler me ut eit ungdomsstipend.
Foto:Skillzfoto
Me é der når nåke skjer – det er visjonen vår. Og på Bømlo skjer det mykje! Engasjerte enkeltpersonar sørger for eit rikt og allsidig lags- og organisasjonsliv. Teater, turløyper, dyrevern, song og musikk, barne- og ungdomsarbeid, miljøarbeid, velforeiningar, idrett, og mykje anna!
Me vil at Bømlo skal vera ein god plass å bu, arbeida og leva, og støttar difor allmennyttig arbeid. Det er to ulike søknadsordningar, alt etter prosjektstorleik.
Prosjektkostnad under kr. 400.000 - søknadsfrist 15.september
Årsmøte har sett av 1,2 millionar kroner til eit gåvefond disponert av styret. Styret disponerer desse midlane, og det er søknadsfrist den 15.september.
Les premissar for gåver utdelt av styret
Prosjektkostnad over kr 400.000 - søknadsfrist 31. desember
Prosjekt med kostnadar over 400.000 kan søkja om gåver, og søknadane vert avgjort av årsmøtet
Les premissar for utdelt av årsmøtet.
Ungdomsstipend - Søknadsfrist 15. april
Søknadskriteria:
- Alder under 26 år.
- Stipendet skal berre tildelast utøvarar som har utmerka seg på eit nasjonalt eller internasjonalt nivå innan sin idrett, kultur eller utdanning.
- Vinnaren av stipendet må vera gode førebilete for Finnås kraftlag og innbyggjarane på Bømlo.
- Berre ungdom som er oppvaksen eller heimehøyrande på Bømlo kan søkje og bli tildelt stipendet.
- Ein kan berre motta stipendet ein gang.
- Vinnaren skal promotere Finnås Kraftlag på eigna vis.
- Beløpet på stipendet er kr. 25.000,-