"Kraft til innkjøpspris" betyr at du betalar ein forbruksveid spotpris 1) (N02) på den nordiske kraftbørsen med tilhøyrande innkjøpskostnadar. Hos oss finn du historiske prisar på nettsida vår, slik at du enkelt kan samanlikne med andre leverandørar.

Finnås Kraftlag har eit påslag på kun 5,9 øre/kWh inkl. mva og inkludert kostnader med elsertifikat 2).  

Me har ingen fastavgift eller fakturgebyr .

Som medlem har du rett på kjøpsutbytte på all handel med laget.

1)  Kva er forbruksveid pris?

Månadsprisane du finn hos Nord Pool er gjennomsnittsprisen for alle timane i månaden. Prisen tek ikkje omsyn til forbruksmønster, dvs. at alle timane i heile perioden får same forbruk. Realiteten er at forbruket av straum varierer gjennom døgnet, gjennom veka og mellom vekene. Det same gjer prisane. Forbruksveging tek omsyn til dette, og koplar forbruket på eit tidspunkt til prisen på same tidspunkt.

2)  Kva er Elsertifikat?

Frå 01.01.2012 vart det innført lovpålagte Elsertifikat. Dette er ei støtteordning for kraft produsert frå fornybar energi. Straumkundane finansierar ordninga ved at straumleverandørane legg elsertifikatkostnaden inn i straumprisen. Kravet frå NVE er at denne kostnaden skal inngå i påslaget vårt.