Dei private lysverka var organisert anten som grendeverk, gardsverk eller bedriftsverk. Slike kraftverk var små og ganske enkle med lågspenning likestraum. Alle verka på Bømlo hadde likestraum. Det var ikkje tillate med vekselstraum, for det kravde sakkunnig betjening. Det kom m.a. kontrollørar frå distrikt 4 i Bergen for å kontrollera dette.

Dei private lysverka var anten drivne med vasskraft eller med dieselmotorar. Det fyrste verket var det som M. Haldorsen & Søn Motorfabrikk installerte på Rubbestadneset i åra 1906-31. Det var i alt tre anlegg med motordrift. Dei forsynte og ein del av gardane på Rubbestadneset med straum til Klubbeverket kom. Haldor Haldorsen, Ola Olsen og Brikt Madsen fekk kjøpa rettane i Klubbevatnet og bygde ut eit vassdrive elektrisitetsverk der i 1937. Klubbeverket var det største verket på øya med sine 40 kW.

Det fyrste vassdrivne elektrisitetsverket kom i Brakadal 1914. Brakadalsbekken kan i delar av året gi god vassføring. Difor tok det tidleg til å utvikla seg eit lite industrielt sentrum i Brakadal. Frå gamalt av var her både kvern og stampeDet fyrste vassdrivne elektrisitetsverket kom i Brakadal 1914. Brakadalsbekken kan i delar av året gi god vassføring. Difor tok det tidleg til å utvikla seg eit lite industrielt sentrum i Brakadal. Frå gamalt av var her både kvern og stampe. Andreas I. Brakadal sette opp ny kvern og stampe her ikring hundreårsskiftet og tok på seg leigemaling. I 1914 bygde han eit kraftverk eller ”ljosverk” som dei sa, med likestraumspenning. Om lag samstundes kom ein liten hermetikkfabrikk i sving der dei la ned krabbe, sild og brisling. Brakadal står enno som opphav1eg med turbin, generator, kvern og kvemturke.

Som tabellen nederst på sida syner, var det i alt seks vasskraftdrivne og minst 14 motordrivne verk på Bømlo då straumen frå Finnås Kraftlag vart sett på i 1952. Det var og planar om vasskraftverk på Gilje, men det vart skrinlagd.

Eitt særtrekk er at dei fleste motordrivne verka kom til under eller rett etter krigen. Eit anna er at vasskraftverka finn ein i det gamle Bremnes herad. Det har mykje med geografiske tilhøve å gjera.

Brørne Amund og Salamon Sortland byrja å byggja Sortland Elektrisitetsverk i 1928 med oppstart hausten 1929, fortel Ole Johan Sortland. Arbeidet med å setja opp stasjonen gjorde dei sjølve med noko leigd hjelp. Ei 3-4 m lang og 2 m høg demning vart sett opp like ved huset. Røyra som førte vatn inn til stasjonen var av tre. Stolpane dei nytta var impregnerte furustolpar, dei uimpregnerte som var hogde på Bømlo, rotna fort.

At dette og liknande tiltak kunne koma i gang på Bømlo, hang nært saman forbruk blant dei andre med den mekaniske tradisjonen som Motorfabrikken hadde skapt. Amund Sortland var t.d. mekanikar på Motorfabrikken. Turbinen var konstruert av maskinmeister Endresen der, og også bygd ved fabrikken. Vanlegvis var eit elektrisitetsverk knytt til, eller hadde sitt utspring i ei industri- eller handverksverksemd. Sortland elverk var kombinert med møllebruk og snikkarverkstad. Salamon Sortland hadde ein modellsnikkarverkstad, seinare møbelverkstad her, og han var i bruk heilt til 1954. I Brakadal og Brandasund var dei knytt til hermetikkfabrikkar, på Espevær til m.a. verkstader, på Rubbestadneset til Motorfabrikken osv.

Dei som dreiv på med dei private verka var ofte reine Petter Smart-typar. Dei bygde opp eit miljø, var oppfinnsame når det var naudsynt. Det vart skapt tradisjonar som var til stor nytte for Finnås Kraftlag etter krigen.

Vassfallet til Sortland Elverk var berre fem meter når det var fullt magasin og fjøre sjø, fortel Ole Johan Sortland. Med lite vatn i magasinet og flo sjø gav det ikkje stor effekt, men me fekk då ca. 4-5 kW fram til dei husa som var knytt til anlegget. 4 kW var nok til fire husstandar. Seinare auka abonnementtalet til 25-30. Effekten var best om hausten då det rann mest vatn i Tverråno.

Frå stasjonen var det ca. ein km med stolpar til siste abonnent. Me passa på å ikkje setja stolpane i dyrka mark så langt det let seg gjera. Det var eit ganske stort spenningsfall fram til siste abonnent. Men sidan forbruket var så lite, gjekk det bra likevel. Orgelmotoren i Bremnes kyrkje gjekk, sjølv om han låg på tampen av lina. Men då måtte dei andre abonnentane ikkje bruka for mykje. Kyrkja fekk elektrisk orgel med likestraumsmotor i 1939.

Magasina var ganske små og moglegheitene til oppdemming var avgrensa. Derfor var det heIst i periodar med mykje regn ein brukte dei. Grindavatnet som låg ovafor Tverråvatnet vart demt opp litt mindre enn ein meter. Det vart då tre gonger større og dei fekk meir vatn. Grindavatnet måtte vera uttappa til beitesesongen om våren fordi det flaut over beitemarkene. Det vart demt opp igjen kring 1. oktober når regnet byrja og dyra var heime.

Når det regna, gjekk verket heile natta. Men elles var det ikkje vatn nok til drift heile døgeret. Anlegget vart starta kl. 6 om morgonen og sIege av etter at det vart lyst. Det vart starta att når det vart mørkt om kvelden, for så å verta sløkt kl. 23. Dette var gjort anten av borna eller av Jens Sortland som budde i nærleiken. Sjølve arbeidet var enkelt. Det var berre å dra opp ein hendel for å setja anlegget i gang. Likeins stogga det når det vart lyst om dagen.

Men så fekk Amund og Salamon laga til ei spesiell innretning, der dette vart gjort automatisk. Dei hadde to vekkjarur med snor kring ringeskruen, vektstenger og lodd. Når klokka ringde om kvelden, utløyste ho ei vekt som drog starthendelen attende til null. Eit anna vekkjarur med liknande snor og vektlodd starta då anlegget att kl. 6 om morgonen. Dette virka godt så lenge det ikkje var alt for kaldt. Men dersom det framleis lyste, måtte dei stogga det  manuelt.

Noko liknande hadde dei andre stader, som t.d. på Klubbeverket og på Espevær. Maskinarbeidar Kristen Helland hadde t.d. ansvaret for å starta Klubbeverket kl. 7.15 og stoppa det kl. 23, fortel Kaare Haldorsen. Det var knytt til bustaden hans med eit snøre slik at han kunne gjera dette heimanfra. Fem minutt på kl. 23 blinka han med lyset ein gong for å minna folk om nattestenginga.

AIle vasskraftverka hadde problem med for lita vassmengd. Det vare førespurnader frå folk  ved særlege høve som t.d. bryllaup, om dei ikkje kunne få straum utover natta. Det fekk dei, men berre dersom det var vatn nok. Ei anna sak var at ein måtte syta for å tappa vatn ut or turbinhuset når det var frost. Men det var uvanleg med lang frost på Bømlo, så dette var ikkje det største problemet.

På Sortland Elverk hadde dei eit noko kuriøst problem, fortel Ole Johan Sortland: Kvar einaste haust når ålen byrja å vandra, gjekk han i turbinen og tetta til skovlene. Så måtte dei skru opp eit mannhol, stiga ned i ein kumme og dra opp ål som var meir eller mindre lemlesta. Dei hadde eit slags filter av kyllingnetting, men det tok berre dei store ålane.

AIle verka på Bømlo bortsett frå Hollund Kraftlag hadde målar for å registrera forbruket. Hollund hadde vippe på 1kW til kvar abonnent. Straumprisen på Sortland Elverk var i byrjinga 20 øre pr. kWh, han auka til 25 øre under andre verdskrigen og heldt seg der til verket vart nedlagt. Halvårsrekningane varierte frå 4,80 til 30 kroner. Dei dieseldrivne verka var generelt dyrare enn dei vassdrivne. Dei hadde ikkje tilknytingsavgift, men Selle Elverk hadde kr. 200 pr. hus. Dei var meir framsynte slik når det galdt å få dekka utgiftene sine. Lyspærene var på berre 25-40 W, men det var straks betre enn ei parafinlampe.

Hartmann Stavland leigde vassrettane i Seleelva av oppsitjarane i 1935 og bygde verket her, fortel Ole Johan Sortland. Han var på sykkeltur i Hardanger , og fekk sjå eit defekt aggregat der utafor eit tidlegare bygdeelverk. Generatoren som var brend, fekk dei for ein svært billeg penge, frakta ban heim, vikla om og sette han i drift i Seleelva i februar 1936. Det hadde ein kapasitet på om lag 20 kW og skaffa lys til om lag 75 abonnentar i Selle, Urangsvåg og andre stader, heilt ut til Økland. Tilgangen på nye abonnentar synte seg større enn eigarane hadde rekna med, og verket var fullasta etter å ha vore i drift i om lag to år. Sommaren 1939 vart det difor montert ein ny turbin, så lysverket kunne levera ei samla kraftmengd på 26 kW. Men pågangen heldt fram, og i 1944 vart det installert eit brukt maskineri. Den samla kraftproduksjonen kom då opp i om lag 55 kW. Det gav straum til nærare 200 abonnentar.

Ein øvre dam vart også oppdemt for å gje auka kraft frå 1. oktober og utover vinteren, fortel Bernhard Selle. Men om sommaren måtte dei sleppa ut vatnet for at ikkje jordvegen skulle verta overfløymd.

Los og telegrafstyrar Øksnes fekk tak i eit aggregat og sette det opp i Grutlevarnet i 1942, fortel Ole Johan Sortland. Sjølv drog Øksnes til England under krigen. Grutle hadde få abonnentar, men kvar hadde 1 kW som var langt meir enn hjå dei andre verka. Så dei hadde ikkje berre straum til lys, men også til koking og varme.

Det var sjølvsagt vanskeleg med materiell under krigen, men i 1942 var det enno noko å få. Seinare var det heilt håplaust. For dei abonnentane som kom til under krigen var det vanskeleg med utstyr. Selle Elverk og kanskje fleire  med hadde berre ståltrad som ikkje akkurat er beste leiar. Det vanlege elles var koparleidningar.

Men trass i slike problem var det ein stor fordel med elektrisk kraft under krigen då det var lite kol og olje (parafin). Behovet for straum auka og folk installerte meir komplett enn før. Dei kjøpte seg lampettar og lysekruner, og verka klarte ikkje å skaffa straum nok. Det førte til at spenninga minka, og til slutt kunne ho vera berre 100 V. Då seier det seg sjølv at det var lite lys i lampa. No fanst det pærer for lågare spenning. ”Mange båtar den gang hadde pærer for 110 V. Og i Stavanger fekk ein pærer for 110, 150, 180 og 220 V. Så vi fekk eit effektivt lys”, fortel Olav Svendsen sen. Pærer med 110 V gav eit godt lys, men det førte til endå større straumforbruk og enda mindre til dei siste på linja. Med likestraum kunne overføringslinjene ikkje vera for lange.

Tilgang på elektrisk lys endra litt etter litt folks kvardag. Eit døme var utelyset. Etter kvart som folk fekk eit utelys, fekk bygda eit andlete om natta med.

Omskiftet galdt i aIle bygdene der dei hadde elektrisk lys. Men dei som hadde størst glede av straumen var kvinnene. Det letta arbeidet for dei enormt. Ole Johan Sortland hugsa når mor hans skulle baka lefse og dei måtte fyra opp i eina kjellaren. Det var å fyra og baka, fyra og baka. Det vart ein heilt annan situasjon då dei fekk elektrisk bakstehelle.

Eit anna framsteg for husmødrene og dei som hadde fjøs, var vasspumpene. Tidlegare måtte dei sjølve bera inn vatn. Eit anna apparat som kom før krigen, var strykejemet. Elles kom varmeomnar og til og med vaskemaskin tidleg, men det var ikkje mange som hadde slike apparat. ”Vi hadde vaskemaskin rett etter 1930 som vart fyrt opp med ved. Men sjølve vaskinga vart driven av ein elektrisk motor, slik at ein slapp å stå og skrubba”, fortel Kaare Haldorsen.

No er det berre verka i Brakadal og Brandasund som står heile att. Grutlefjordverket vart spengd med dynamitt og seld som skrap, Klubbeverket gjekk også til skrap, og Sortlandverket brann ned i 1994. Men her står hovudmaskinen og turbinen att i ruinane.

 

Lysverk

Turbin/motor i hk

Generator i tal
Effekt i kW
Driftsår
Generatorar drivne med vasskraftmaskiner:
Selle Elektristitetsverk, Urangsvåg
50

2

50-55
1936-1954
Sortland Elektrisitetsverk, Bremnes

10

1

6

1929-1953
Brakadal Hermetikkfabrikk

12

1

8

1914-1954
Grutlefjord Elektrisitetsverk

12

1

9

1941-1954
Klubbeverket, Rubbestadneset

50

2

40

1937-1954
Brandasund Elektrisitetsverk *

 

1

11

1951-

Generatorar drivne med dieselmotorar:
M. Haldorsen & Søn Motorfabrikk
20, 40, 200

3

 

1906-1952
Meling Lysverk

8

1

 

1940-?
Alvsvåg

 

1

 

1945-1952
Espevær

 

6

5-10

1945-1952
Mosterhamn

 

1

5-10

1945-?
Mælandsvåg

 

1

5-10

1945-1952
Hollund Kraftlag, Urangsvåg

 

1

5-10

1945-1952

Kanalen

 

 

 

1945?

Foldrøy

 

 

 

1946?

 

 

 

 

 

* Området som no er ein del av Bømlo kommune, tilhøyrer framleis Fitjar Kraftlag.
Kjelde: FK-arkiv. Mappe Historikk. Ole Johan Sortland, Øyvind Larssen m.fl.