Endeleg, i desember 1953 var Blåfalli klart for produksjon. Eit år seinare, den 1. september 1954, var heile linenettet ferdig, og Herlof Nilssen vart tilsett som den første driftsstyraren i Finnås Kraftlag. Det er naturleg å sjå på dette som datoen for kraftlaget som ein sjølvstendig organisasjon.

Folk visste lite om kva straum var på denne tida. Mange forstod vel ikkje meir av straumen enn det folk flest forstår av kva som går føre seg inn ei datamaskin i dag. Ein av montørane fortalde at da han skulle installere straum hos ei eldre dame, vart han ikkje ferdig på ein dag og måtte kome attende neste dag. Morgonen etter fortalde dama at ho ikkje hadde tort å sova om natta fordi ho var ”redd for at huset skulle renna fullt av vatn”.

At folk fekk straum betydde heller ikkje at det var noko ein kunne sløsa med; sparsemda hang att frå gammalt av – sikkert med litt hjelp frå eit linenett som etter dagens standard var noko svakt. Iallfall blir det fortalt frå eit bryllaup på denne tida, ”at det var så mørkt at ein mest ikkje kunne sjå tallerkenen”. Medan ein i dag baserer det meste av oppvarminga på straum, var det vanleg med ved- , torv-, kol- og koksfyring til langt utpå 50-talet.

Straumen kjem – straumen går
Som nemnt tidlegare, var det så som så med kvaliteten på ein del av utstyret, og nettet (Nei, ungdomar, vi snakkar ikkje om internett, men om straumnett.) var sårbart. No var ikkje folk så avhengige av straumen som me er i dag, og ein straumstans vart stort sett teke med stor ro. Dei som tidlegare hadde fått straum frå små, private lysverk var t.d. vant med at straumen vart slege av om natta. Me er altså i ein periode der ein ikkje var heilt avhengig av straum for å få dagleglivet til å fungere. Dessutan hadde ein ikkje gjort seg avhengige av alle hushaldningsmaskinene enno.

Eit Bømlo i vekst og endring
I desse åra skjer det store endringar med Bømlo. Kommunane Bremnes, Moster og Bømlo blir slått saman til ein. Samfunnet blir sentralisert, vegnettet bygd ut og modernisert, det blir bygd bruer, og ferjesambandet blir betre. Tendensen er at folk flytter frå dei små øyane. Industrien har oppgang, og hjørnesteinsverksemda Wichmann når ein topp omkring 1975. Oljeindustrien gjer sitt inntog, og mange byrjar å pendle mellom Bømlo og Nordsjøen. Det er morosamt å merke seg kva erfaring og tradisjon har å seie for yrkesval; skipperane kom sør frå Søre Bømlo, maskinistane frå nord, sannsynlegvis på grunn av det tekniske miljøet rundt Wichmann. I desse åra vart det klart at straumnettet nærma seg ei kapasitetsgrense, og ein kan ikkje anna enn å bli imponert over at kraftlaget klarte å forsyne samfunnet med kraft med det som etter dagens målestokk var eit svært spinkelt nett.

Luksus blir kvardag
Bildecollage frå aktivitetar som krev straumMed straumen og jamt aukande velstand kom stråleomnar, panelomnar, komfyr, kjøleskåp og fryseboks. Elektrisk strykejarn kom tidleg og var svært populært, særleg blant dei som hadde bunadsskjorter å stryke. Det gjekk enda nokre år før industrien gjorde seg avhengig av ”den nye elektrisiteten”. Spesielt kraftkrevjande industri fans ikkje, og mange verksemder hadde dieseldrivne aggregat i bruk parallelt med straumen. Elektriske vinsjar til sildestenga vart ikkje tekne i bruk før langt utpå 50-talet.

12. mai 1959 kjørte to jetfly mot SKL sitt luftspenn over Langenuen og kutta det. Resultatet vart ein straumstans som varte i over 7 døgn. Sjølv om det sjølvsagt førte til nokre mindre problem, greidde hushald og industri å halde hjula i gong. Tru om vi hadde greidd oss utan straum i ei veke i dag? Kaldt vatn i dusjen, ingen mobilladar, berre kald mat, ingen frosenmat i butikken, mørklagde vegar og ingen trafikkljos. Ikkje data, ikkje TV. Berre for moro skuld: tel alle apparata du har heime som går på straum. Så kan du tenkja deg kva som ville skje dersom straumen vart borte i ei veke.