Bilde av "gamlekarene"Med dagens tenkjemåte skulle ein tru at alt var klart, og at det berre var å setja i gang å føre kraftlinene fram til husveggen. Kraftkjelda var valt, organisasjonane stifta, finansieringa nokolunde på plass og ivrige hender klødde etter å ta fatt med arbeidet.

Så enkelt var det sjølvsagt ikkje. Arbeidet med å skaffa straum til Sunnhordaland hadde teke omlag 20 år. Små og store stridar på ulike nivå hadde ført til forseinkingar. Men i 1948 var avtalane om arbeidsdeling mellom SKL og dei lokale kraftlaga klare. SKL hadde lenge ein overordna rolle i arbeidet, og først i 1954 vart Finnås kraftlag eit sjølvstendig selskap.

Åra etter krigen var prega av mangel på ressursar av nær sagt alle slag, og mye var rasjonert, for eksempel heilt nødvendige ting som olje, jern, stål, trelast, sement og spikar. Først tidleg på 50-talet vart bygningsartiklar frigjevne frå rasjoneringa. Linearbeidet starta i 1948 og var prega av forseinkingar i levering av naudsynt utstyr. Utvalet var lite og ofte var det så som så med kvaliteten.

Bilde av "gamlekarene" som har matpauseFor dei første transformatorane var leveringstida tre år. Stolpane kom frå Austlandet, og leveransane var små, forseinka og av og til av feil sort. Ikkje alle hadde like lett for å betale inn partane dei hadde bestilt. Oppsynsmennene hadde med seg lister over kven som hadde betalt partane og ikkje – og dersom dei ikkje hadde betalt, gjekk arbeidsfolka berre forbi.

Det var også slik at ikkje alle fekk linene like fort. I byrjinga vart utkantane i kommunane forbigått fordi utbygging vart for dyrt i høve til folketalet. Det var ikkje fritt for at det enkelte stader var misnøye med at nokre fekk straum før andre.

"Gamlekarane" i og utanfor ein bilLinebygging var hardt kroppsarbeid, mest utan tekniske hjelpemidler. Ni timars arbeidsdag og reisa til og frå anleggsplassen. Men om det var eit slit, var folk likevel fornøgde. Anleggsarbeidarane var i stor grad fiskarar som fekk arbeid utanom sesongane. Men om vinteren, under sildefisket, var det vanskeleg å skaffe nok arbeidskraft. Sjølv om stolpar og liner kom på plass, gjekk det ikkje like fort med straumen.

I 1948 inngjekk SKL avtale med BKK om å levere straum i – 52 og – 53, til Båfalli vart klar til produksjon. I 1952 var Finnås Kraftlag i gong med å finne si moderne form ved at ein leigde kontor, kjøpte lager og tilsette forretningsførar.