Glade medlemmer

Me syns det er kjekt å få dela ut kjøpsutbytte, og reknar med at dette er kjerkomne midlar nå før jul. Det var årsmøtet som bestemte at det skulle setjast av 13,5 millionar kroner til kjøpsutbytte til medlemane.

Ein vanleg kunde som kjøper kraft, nett og breiband får om lag 3000 kroner frå kraftlaget. 

Finnås Kraftlag er eit samvirke, der medlemene våre er eigarar og mottakarar av utbyttet. Dette er ein av måtane me fører verdiar tilbake til medlemene, og det understrekar at me faktisk eig kraftlaget saman!

Løner seg å vera medlem

Me har om lag 4000 medlemmer, og alle medlemer som handla med kraftlaget i fjor får utbetalt pengar. Medlemene får kjøpsutbytte, alt etter kor mykje dei handla for. Det vil seia dei som har samla alle tenestene sine hos Finnås Kraftlag; både kraft, straum, breiband, elbilladarar og solcelleanlegg får igjen for det.

Ønskjer fleire medlemmer

- Bømlingane er trufaste kundar hos Finnås Kraftlag, og me ønskjer at enno fleire teiknar seg som medlem hos oss, seier nytilsett administrarande direktør Tor Bjarne Smedsrud. Me er eit lokalt kraftlag, som står på for å yta god og nær service og med fleire medlemer viser det at me står støtt som samvirke. – Og så er det jo kjekt å få dela ut kjøpsutbytte til fleire! seier han – det er ein vinn-vinn-situasjon.

Jo meir du kjøper for, dess meir får du i utbytte.

Enkelt å bli medlem

For å bli medlem i Finnås kraftlag overfører du 300 kroner til kontonummer 9047.11.06649. Merk innbetalinga med namnet til den som står som kunde hos oss.  Ei gjennomsnittshushaldning får meir enn 300 kroner i kjøpsutbytte, så det er låg risiko å melda seg inn. Om ein seinare melder seg ut, så får ein dei 300 kronene igjen.

Det er kundane våre som har folkeregistrert adresse på Bømlo som kan bli medlemer. For verksemder er det nok å samhandle med oss.Les meir på vår side om medlemskap og meld deg inn!

Dersom du har spørsmål kan du kontakta oss på telefon 53 42 89 00, eller firmapost@finnas-kraftlag.no.