– Koronapandemien har ramma samfunnet vårt på ein måte som ingen kunne førestille seg. Situasjonen er krevjande for mange, men samstundes ser ein samhald og ein sterk vilje til å ta vare på kvarande, seier kraftlagssjef Nils Gunnar Gloppen. – Kraftlaget er eit samvirkelag, eigd av og for kundane våre. Me føler det er viktig og rett å bidra til dugnaden. Ved å redusere rekninga til kundane våre, dela ut rekordstort utbytte og samtidig auka støtte til lag og organisasjonar, håpar me å bidra til å gjera situasjonen litt mindre vanskeleg.

Kraftlaget er med på dugnaden

Styret innstiller på rekordstort kjøpsutbytte i år

– Det er veldig kjekt å sjå at me i år kan betala ut eit rekordstort kjøpsutbytte til våre medlemer, seier styreleiar i kraftlaget, Torleiv Fylkesnes. Styret si innstilling til årsmøtet er på 10 millionar kroner. – Me håper kjøpsutbyttet kan vera til hjelp, særleg for dei som på grunn av koronaen har fått redusert inntekta si. Utbetaling i fjor var til samanlikning  7,3 mill. og året før 5 mill. - Kjøpsutbytte må først vedtakast av årsmøte og blir, gitt godkjenning, betalt ut mot slutten av året.

Kuttar i breibands- og straumrekninga di

Styret har vedtatt å kutte rekninga med om lag 7,7 millionar kroner fordelt på månadane april, mai og juni. – om lag 4,1 millionar kroner vert kutta på nettleiga, 3,1 millionar på breiband og om lag 0,5 million til kraftkundane våre. Handlar du både kraft, nettleige og breiband frå Kraftlaget, utgjer reduksjonen om lag 1.250 kroner i løpet av desse 3 månadane – Me håper dette óg kan bidra, seier Torleiv Fylkesnes.

Allmennyttige gåver

– Dei allmennyttige gåvene kan ein søkja på same måte som før ved å gå inn på nettsidene våre, seier kraftlagssjef Gloppen. Det er årsmøte som vedtar utdeling av allmennyttige gåver. I år foreslår styret at årsmøte set av 1,2 millionar kroner til eit gåvefond som styret disponerer. I tillegg er det foreslått utdelt nær 1 million kroner til konkrete prosjekt som årsmøtet også skal handsama.

Aukar sponsorbudsjettet

– Styret i kraftlaget vil gjerne bidra til lag og organisasjonar som no har fått stor inntektssvikt på grunn av avlysingar og sterkt redusert aktivitet. ­Det er svært mange lag i kommunen vår, så me valde å auka sponsorbudsjettet år, seier styreleiar Torleiv Fylkesnes.

Finnås Kraftlag er eit samvirkeføretak, eigd av kundane våre. Me er stolte og glade for å kunne gi tilbake ein god pott pengar til våre medlemer og det flotte lokalsamfunnet vårt kvart år, seier kraftlagssjef Gloppen.

Kraftlaget vil vera ein lokal bidragsytar

– Eg vil oppfordra flest mogleg å teikna medlemskap. Medlemsinnskotet er eit eingongsbeløp berre 300 kr og ein totalkunde som har breiband, straum og nettleige frå Kraftlaget vil i 2020 motta om lag 2300 kroner i kjøpsutbytte. – Så det er ingen tvil om at medlemskap lønar seg, avsluttar Gloppen.