årsmøte 20119

Styret fekk fornya tillit

Det vart gjennomført val av styremedlemmer og i tråd med innstillinga frå valnemnda vart Torleiv Fylkesnes, Anne-Beth Njærheim og Ove Grønås attvalde som styremedlemmer. Fylkesnes vart også attvald som styreleiar.

Nye medlemmer og ny leiar i valnemnda

Sigbjørn Næsse, leiar av valnemnda, og Vidar Nygård var på val i år. Begge hadde varsla at dei ikkje ynskte attval. Oddgeir Alvsvåg og Kjetil Aga Gjøsæter vart i tråd med innstillinga frå styret valde som nye medlemmer i valnemnda. Hilde Markhus vart vald som ny leiar.

 Disponering av årsoverskot

Framlagt rekneskap og årsmelding vart godkjent og årsmøtet vedtok følgjande disponering av årsresultat på kr. 20 864 910,-

disponering av overskot

Finnås Kraftlag skal etablere konsern

Stortinget har vedtatt endring i energilova og innført krav om såkalla selskapsmessig- og funksjonelt skilje. Selskap med mindre enn 10 000 kundar er kun underlagt kravet om selskapsmessig skilje.

Kort fortalt betyr dette at Finnås Kraftlag må organiserast som eit lite konsern. Etter omorganiseringa vil selskapsstrukturen vera slik:

Konsern

 

Årsmøte gjorde følgjande vedtak:

For tilpassing til lovpålagt krav om selskapsmessig skilje, vert det etablert eit konsern i Finnås Kraftlag innan 01.01.2021. Styret i Finnås Kraftlag vert bedne om å setja i verk prosess for etablering av konsern.

 

Takka for oppmøte

Styreleiaren avslutta møtet med å takka for eit godt oppmøte og for godt vertskap frå Rubbhallen. Avtroppande medlemmer i valnemnda vart også takka med ei blomehelsing.

Referat frå årsmøtet vert lagt ut når det er godkjend.