Avtroppande sjef

Styret fekk fornya tillit

Det vart gjennomført val av styremedlemmer og i tråd med innstillinga frå valnemnda vart Vermund Hjelland, Eli Furnes og Signe Lund Jansen attvalde som styremedlemmer. Torleif Fylkesnes vart også attvald som styreleiar.

Alle i valnemnda sa ja til attval

Hilde Markhus heldt fram som leiar.

 Disponering av årsoverskot

Framlagt rekneskap og årsmelding vart godkjent og årsmøtet vedtok følgjande disponering av årsresultat på kr. 36 528 629,-


Styret føreslår at fylgjande allmennyttige gåver vert gitt:

Resultat 2020
 

Ny Administrerande direktør

Styreleiaren nytta høve til å takke Nils Gunnar Gloppen for eit fantastisk godt utført arbeid gjennom 38 år som tilsett, og av desse  32 år som elverksjef. Finnås Kraftlag har under Gloppen si leiing vore gjennom ei rivande utvikling til stor nytte for Bømlo.

Samstundes ynskte han ny påtroppande Direktør Tor Bjarne Smedsrud velkommen. Smedsrud var invitert som gjest og fortalte litt om seg sjølv og med ærefrykt såg fram til å ta til i stillinga frå 1.september.

 

Takka for oppmøte

Styreleiaren avslutta møtet med å takka for eit godt oppmøte trass korona tiltaka. I år måtte medlemmane melde seg på møtet slik at me kunne tilfredsstille smittevern krava på ein god måte. 

Referat frå årsmøtet vert lagt ut når det er godkjend.