Godt årsmøte i Bømlo Kulturhus
Årsmøtet for 2021 vart i år på ny utsett grunna Korona pandemien. Men tysdag kveld den 15.juni samla 48 medlemmer med totalt 55 røyster seg i Bømlo Kulturhus. Årsmøte handsama ordinære årsmøtesaker.
Styret fekk fornya tillit
Det vart gjennomført val av styremedlemmer og i tråd med innstillinga frå valnemnda vart Torleiv Fylkesnes, Anne-Beth Njærheim og Ove Grønås attvalde som styremedlemmer. Torleiv Fylkesnes vart også attvald som styreleiar.
Varamedlemmer vart:
1. Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm
2. Geir Ivar Ådnanes
3. Stina Raknes Kvarven
Valnemnd
I valnemnda vart desse personane valte:
Oddgeir Alvsvåg
Jannicke Gjerdevik
Hilde Markhus vart attvalt som leiar.
Disponering av årsoverskot
Framlagt rekneskap og årsmelding vart godkjent og årsmøtet vedtok følgjande disponering av årsresultat på kr. 34 376 575,-
Styret føreslår at fylgjande allmennyttige gåver vert gitt:
Fornya vedtekter
I samanheng med at selskapet er organisert som eit konsern var det nødvendig å tilpasse vedtektene til den nye organiseringa. Endringane går stort sett ut på å sikre at det er årsmøtet i SA som avgjer dei viktige sakene også i dotterselskapa. Dei nye vedtektsforslaga treng 4/5 fleirtal i to påfølgande ordinære årsmøte. I dette første årsmøtet fekk forslaget 100% oppsluttning. Saka må opp til ny handsaming i neste årsmøte før det nye vedtektsforslaget vert gjeldande.
Takka for oppmøte
Styreleiaren avslutta møtet med å takka for eit godt oppmøte trass korona tiltaka. I år måtte medlemmane melde seg på møtet slik at me kunne tilfredsstille smittevernkrava på ein god måte.
Referat frå årsmøtet vert lagt ut når dette er godkjent.