Til no har det vore gjennomsnittleg månadleg områdepris på kraftbørsen NordPool som har blitt lagt til grunn for utbetalingar av straumstøtte for hushaldingar. Det vil sei at du har fått støtte på 90 % av prisen som er over 70 øre/kWh når gjennomsnittet for månaden er rekna ut.

Timepris framfor månadssnitt

Med denne endringa får du støtte for det straumen faktisk kostar den timen du brukar den. Endringa skal ifølge regjeringa gjere ordninga meir føreseieleg og treffsikker. Timebasert straumstøtte vil i dei fleste tilfelle gje høgare utbetalingar enn med månadssnitt. Kor mykje meir vil avhenge av forbruk, korleis prisane utviklar seg og kor store variasjonar det blir i prisane innan kvar månad. Og sjølvsagt kva for timar du brukar straumen.

Du kan sjølv gå inn og sjekke ditt timeforbruk på Mi Side.

Appen vår

 Kva tid endringa skulle gjelde frå, og korleis den nye ordninga skulle utformast vart diskutert heilt fram til innføringsdato. Finnås Kraftlag har difor ikkje rukke å oppdatere appen vår med tanke på berekning av straumstøtte enda. Fram til me får lansert oppdatert versjon kan de finne støttesatsane på nettsida til NVE. Husk at me tilhøyrer prisområde NO2. Link til NVE si nettside: Støttesats time for time - NVE

KraftlagsAPPen

Faktura i oktober

Timebasert straumstøtte trer i kraft 1. september. For deg som kunde betyr det at du får kompensasjonen utbetalt på fakturaen for september, som vert sendt ut i oktober.

Flytting i september

Grunna systemtilpassingar vil straumstøtta til dei som flyttar og/eller byter nettleverandør i september, før systema er på plass, reknast ut frå gjennomsnittleg månadspris.

Omlegginga skjer automatisk 1. september, og du som kunde trenger ikkje foreta deg noko.