Årsmøte Finnås Kraftlag 2018
59 personar med til saman 67 røyster tok turen til Moster og årsmøtet tysdag kveld.
Årsmøtet handsama ordinære årsmøte saker. Referat vert lagt ut på heimesider når det er klar og godkjend, men nedanfor kjem eit kort resyme av dei viktigaste sakene.
Årsmøtet handsama rekneskap og disponeringar, og årsmøtet gjekk inn for styret sitt vedtak om disponeringar:
Resultatdisponering: | |
---|---|
Føreslått utdelt allmennyttige gåver | 1 462 000 |
Overføring til annan eigenkapital | 569 774 772 |
Avsetning til kjøpsutbytte medlemmer * | 5 000 000 |
Sum disponeringar | 576 236 772 |
Resultatdisponering: | |
---|---|
Gåvefond disponert av styret | 1 000 000 |
Flimmerfilm – dokumentarfilm om H. Haldorsen | 324 000 |
Moster Grendautval – universelt utforma sti | 30 000 |
Bømlo Kulturhus – lyd del 2 storesal | 108 000 |
Sum gåver | 1 462 000 |
For alle gåvetildelingar gjeld fylgjande:
Før beløpet vert utbetalt må søkjar ha gjort formelt vedtak om igangsetting av prosjektet, og det faktiske arbeidet må vera kome i gong. I tillegg må det liggja føre bindande finansieringsplan med tilsegn. 50 % av stønadsbeløpet vert utbetalt ved oppstart og resten når prosjektrekneskap er lagt fram.
* Styret foreslår at årsmøtet gir administrasjonen pålegg om å gjennomføra etterbetalinga (kjøpsutbytte) til medlemmene, fordelt etter medlemmene si omsetning med kraftlaget gjennom 2017. Administrasjonen skal sørgje for at etterbetalinga skjer i samsvar med samvirkelovas reglar.
Det vart også gjennomført val av styre- og varamedlemmer, samt styreleiar
Styremedlemmer på val:
- Martin Laurhammer
- Eli Furnes
- Signe Lund Jansen
Styreleiar på val:
- Torleiv Fylkesnes
Varamedlemmer på val:
- vara Vermund Hjelland
- vara Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm
- vara Reinert Røksund
Innstilling frå valnemnda:
- Vermund Hjelland, ny
- Eli Furnes, attval
- Signe Lund Jansen, attval
Innstilling frå valnemnda:
- Torleiv Fylkesnes, attval
Innstilling frå valnemnda:
- Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm
- Reinert Røksund
- Stina Raknes
Johannes M Sortland kom med benkeforslag om Tone Stavland som styremedlem i staden for Vermund Hjelland. Det vart gjennomført skriftleg avrøysting, og Vermund Hjelland fekk 47 røyster mot 13 røyster til Tone Stavland. Styreleiaren informerte om at det jamfør reglar i vedtekter og samvirkelova, skal styret setjast saman slik at kvart kjønn vera representert med minst 3 medlemer.
Nytt styre i Finnås Kraftlag for 2018/2019 vert som følgjer:
- Torleiv Fylkesnes, styreleiar
- Anne-Beth Njærheim
- Signe Lund Jansen
- Eli Furnes
- Ove Grønås
- Vermund Hjelland
- Thomas Vespestad, tilsette representant
- Odd Harald Hovland, observatør Bømlo Kommune
- Johnny Rolfsnes, Observatør tilsette
Varamedlemmer:
- vara Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm
- vara Reinert Røksund
- vara Stina Raknes
- Tove Lise A. Aasheim, vara tilsetterepresentant.
- Morten Helland, vara for observatør Bømlo kommune
- Rune Nessse, vara for observatør tilsette