Informasjon om Norgespris på Elhub.no

Elhub Min SIde

Det er nå mogleg å logge seg inn i bestillingsportalen med ID-Porten. Der får ein informasjon om korleis Norgespris ville ha påverka straumrekninga tidlegare år. Dette vil vera nyttig når hushaldninga di skal ta stilling til om ein skal bestille Norgespris eller ikkje.

Ung kvinne sitter foran en åpen vaskemaskin og legger inn klær til vask

Fakta om Norgespris:

  • Norgespris kan bestillast på Elhub min side
  • Norgesprisen som gjeld frå 1. oktober 2025 og ut året 2026 er satt til 50 øre/kwh.
  • Fastpris, men ikkje alt er inkludert - nettleige og påslaget til kraftavtalen kjem i tillegg
  • Norgespris er ikkje ein straumavtale, men ein statleg prissikringsordning 
  • Du må velgje mellom Norgespris eller straumstøtte
  • Dersom du ikkje vel å inngå Norgespris vil du automatisk få straumstøtte som i dag
  • Norgespris binder adressa til ordningen ut 2026 (uansett om du er eigar eller leigetakar)
  • Nettselskapet handterar ordninga på same måte som straumstøtta
  • Norgespris gjeld for både bustadhus og fritidshus

Er Norgespris lønsamt?

Me skulle gjerne hatt ei krystallkule for å vita korleis straumprisane utviklar seg framover. Men basert på situasjonen dei siste åra - og sidan me ligg i eit prisområde der prisane ofte er høge - kan det sjå ut til at Norgespris vil løne seg for mange av våre kundar. Samtundes må me ta forbehald om at marknaden er vanskeleg å spå, kraftprisen blir påverka av mange ulike faktorar, og i periodar med låge prisar kan ein spotavtale med straumstøtte gi lågare kostnad.

For å hjelpe deg å vurdere dette, har me utvikla ei samanlikningsteneste i appen vår. Der kan du sjå korleis rekninga di ville sett ut med Norgespris - samanlikna med ei vanleg spotavtale med straumstøtte - basert på historiske data siste 12 månadar:

 

Skjermbilde av visning i app om Norgespris versus Straumstøtte

Nedanfor finn du meir utfyllande informasjon om Norgespris: