Heimeladar levert av Finnås kraftlag

Trygg heimelading ved bruk av eigen dedikert lader.
Ferdigmontert frå kun 410,- per månad i 36 månader.
Bestill ladar til din elbil frå ditt lokale kraftlag. Er du kraftkunde hos Finnås Kraftlag AS, tilbyr me tre års rentefri nedbetaling. Er du medlem får du i tillegg kjøpsutbytte på denne handelen.
Heilt enkelt:
►Undersøk kva kontakt som passar din bil og kor lang kabel du treng. Er du i tvil om kva kontakt din bil har. Sjå figur lenger ned på sida?
►Bestill på vår nettside via bestillingsskjema. (Sjå også nedst på sida)
►Moster Elektro kontaktar deg for å avtale synfaring.
►Synfaringa vil avdekke om det er nødvendig med meir utstyr eller arbeid ut over vår standard installasjonspakke. Du vil få informasjon om dette direkte frå Moster Elektro.
►Ca. 14 dagar etter synfaring er ladar montert og du kan lade trygt og raskt via din eigen heimeladar
►Nedbetaling startar og vert krevd inn via straumrekninga dei neste 36 månadane.
Vår anbefalte ladar: Wallbox Pulsar Plus
- Høg yting i kompakt design som er plasseringsvennleg
- Kvit eller svart utgåve
- Integrert ladekabel på fem meter. Kan velje 7 meter ved type 2
- Standard installasjon er inkludert
- Opp til 32A ladestraum (22 kW ladeeffekt på 3-fas 400V)
- Juster ladestraumen trinnlaust 6-32A via APP
- Kan leverast med Powerboost som automatisk justerer ladestraumen slik at totalforbruket ikkje overstig bustaden sin maksimalstraum (Tilleggskostnad)
Vår anbefalte ladar:
Andre ladarmodellar som kan veljast mot pristillegg:
Det er berre tre ting du må sjekke før du bestiller
- Kva type kontakt har din bil, Type 1 eller Type 2?
- Kva farge passar veggen din best, svart eller kvit?
- Kor lang leidning treng du, 5 eller 7 meter?
Om du for eksempel skiftar bil og må endre til kabel av type 2, kan du bestille byte av kabel hos vår samarbeidspartnar Moster Elektro.
Standard vilkår
- Montering, tilkopling, konfigurering og test av ladestasjon
- 1 stk. dedikert kurs med opptil 32A automatsikring
- 15 meter kabel forlagt opent på vegg og eventuelt i eksisterande røyr
- 2 stk. kabelgjennomføringar i trevegg og 1 stk. innføring i sikringsskåp på vegg
- Montørreise i Bømlo Kommune
- 4 timar monteringsarbeid
- Dokumentasjon av utført arbeid
Denne installasjonen vil være dekkande for dei fleste. Om du treng overspenningsavleiar, kjem kostnaden for dette i tillegg. Ein må og pårekne ein tilleggskostnad om det ikkje er plass i sikringsskåpet til alt nødvendig utstyr. Fordelen med å velja oss er at vår lokale samarbeidspartnar Moster Elektro tilbyr synfaring der du som kunde får vite om alle kostnadar som eventuelt kjem i tillegg. Eventuelt ekstraarbeid vert eit skriftleg tilbod mellom Moster Elektro og kunde.
Effekt og ladestraum avheng av inntaket til bygningen og kapasiteten i straumnettet. Om det ikkje er kapasitet i nettet til 32A ladestraum, kan ladaren justerast ned til lågare ladestraum.
Bestill ladar:
Nedst i skjema må du krysse av for at du aksepterer avtalevilkåra (PDF, 200KB)