"Spot-on-Bømlo" betyr at du betalar den til ei kvar tid gjeldane spotprisen1) (NO2) på den nordiske kraftbørsen, men med eit påslag. Kundar utan timesmålar (AMS målar) vil bli avrekna ein forbruksvekta spotpris 2). Då forbruket vil variere gjennom døgeret for den enkelte kunde, vil og snittprisen pr. kunde variere. Me bereknar snittprisen basert på totalforbruket til våre kundar og legg denne ut på våre nettsider. Den eksakte snittprisen for kvar enkelt kunde vil ein finne på Mine sider og på fakturaen.

Finnås Kraftlag har eit påslag på kun 5 øre/kWh inkl. mva og inkludert kostnader med elsertifikat 3).  

Me har ingen fastavgift, fakturgebyr eller andre skjulte påslag.

Som medlem har du rett på kjøpsutbytte på all handel med laget.

1)  Kva er spotpris?

Straumprisen varierer for kvar time gjennom døgeret. Pris for neste døgn blir kjent ca. kl. 13:00. Då kan ein logge inn på Nordpool sine nettsider og sjå kva prisen blir i kvar time neste døgn. Det er tilbod og etterspørsel som påverkar kva prisen blir i den enkelte time. Er det vindstille, tørt og kaldt vil normalt dette bety høgare prisar enn i tilfelle der det er vått, vind og mildt. Alle som har AMS målar vil bli fakturert for faktisk forbruk i den enkelte time. Kundar utan AMS målar vil bli fakturert etter forbruksveid pris. Sjå under for meir info om denne ordninga.

2)  Kva er forbruksveid pris?

Månadsprisane du finn hos Nord Pool er gjennomsnittsprisen for alle timane i månaden. Prisen tek ikkje omsyn til forbruksmønster, dvs. at alle timane i heile perioden får same forbruk. Realiteten er at forbruket av straum varierer gjennom døgnet, gjennom veka og mellom vekene. Det same gjer prisane. Forbruksveging tek omsyn til dette, og koplar forbruket på eit tidspunkt til prisen på same tidspunkt.

3)  Kva er Elsertifikat?

Frå 01.01.2012 vart det innført lovpålagte Elsertifikat. Dette er ei støtteordning for kraft produsert frå fornybar energi. Straumkundane finansierar ordninga ved at straumleverandørane legg elsertifikatkostnaden inn i straumprisen. Kravet frå NVE er at denne kostnaden skal inngå i påslaget vårt.