Straumprisen blir fastsatt på den nordiske børsen ca. kl 13:00 dagen i førevegen. Prisen vil normalt variere frå time til time. Som regel er den dyrast om morgon og ettermiddag. For å sjå kva straumprisen er neste døgn, kan ein gå til vår nettside der me oppdaterer tala dagleg. Merk at me inkluderer både påslag og moms i vår pristabell. Om ein vil sjå kva prisen er utan alle påslag og avgifter kan ein gå inn på Nordpool sine nettsider og søke opp Kristiansand (NO2).

Finnås Kraftlag kjøper straumen til spotpris. I tillegg tar me eit påslag på 5 øre/kWh inkludert moms.

Nedanfor har me vist eit eksempel på kva straumprisen blir for deg som kunde av Finnås Kraftlag AS den 1. og 2. februar 2021. Me har som sagt eit påslag på spotprisen på 4 øre pluss moms (5 øre m/moms). Prisen i den blå kolonna viser det du som kunde må betale til ei kvar tid. Nettleiga kjem i tillegg.

Er du interessert i kraftmarknaden og ynskjer å sjå kraftflyten og kraftprisane i dei ulike prisområda, har Statnett ei interessant nettside som viser live data. Ein kan og sjå historiske verdiar nokre dagar attende. Link til sida finn ein her.

Om du har spørsmål om straumpris og timesavrekning er det berre å ta kontakt med dei kjekke folka på vårt sentralbord.

Eksempel på berekning av straumpris som kunden må betale