natur og solnedgang

Finnås Kraftlag tilbyr fylgjande straumprodukt:

Spot-on-Bømlo (Nordpool spotpris + påslag)

Vårt påslag er: 5 øre/kWh inklusive moms og elsertifikat.

Me har ingen fastavgift, fakturagebyr eller skjulte påslag!

Oversikt over straumprisar time for time finn du ved å følgje link til Nordpool spotprisar .

Merk at vårt område er Kristiansand (NO2) og at prisar må endrast til NOK frå Euro i menyen. Du får då pris i kr/MWh. For å få prisen i øre/kWh må ein dele på 10. (Eigentleg dele på 1000 for å omregne frå MW til KW og gange med 100 for å få kr til øre) Prisen hos Nordpool er og oppgitt utan MVA , påslag til kraftleverandør og nettleige. Dette er vår innkjøpspris. For å finne prisen du må betale legg du til 25% moms ved å gange med 1,25 og etterpå plusse på 5 øre som er vårt påslag. Me ser at det er komplisert å finne fram til timesprisen og håpar me innan kort tid har på plass eit verktøy som gjer det meir oversiktleg for deg som kunde.

Mi Side finn du oversikt over forbruket ditt kvar time.

Gjennomsnittprisen for vårt område (NO2 Kristiansand) vart i september: 140,46 øre/kWh (inkl.mva). Dersom prisen på din faktura er høgare/lågare enn dette, betyr det at du har brukt meir/mindre straum i dei dyraste timane enn ein med heilt jamnt forbruk. I tillegg til kraftpris må du betale nettleige til nettselskapet.

I 2020 hadde me tidenes lågaste straumprisar. Gjennom sommaren og spesielt no på hausten har me sett at prisen har auka drastisk. Dette kjem på grunn av tørt og vindstille -vær og høge gass, kol og CO2 -prisar. Magasina har difor ikkje fått det påfyllet som dei normalt ville hatt denne sommaren og hausten. I tillegg har produksjonskostnaden (marginalprisen) for kraft produsert med Co2 utslepp auka i takt med avgifter og råstoff. Det er vanskeleg å spå kva kraftprisane blir gjennom vinteren, men me reknar med at dei vil halde seg stabilt høge. Ein våt og vindfull haust kan hjelpe noko, men sidan det er god plass i magasina skal det bli veldig vått før produsentane mistar kontrollen på vatnet og må sette ned prisane. Me oppfordrar difor kundane våre til å tenkje gjennom straumforbruket sitt og redusere forbruket der ein kan.

Me har ingen fastavgift, fakturagebyr eller skjulte påslag. 

Hos Finnås Kraftlag får du spot-avtale som er den avtaletypen som forbrukarmyndigheitene tilrår. Me har ingen fastavgift, fakturagebyr eller skjulte påslag. Me ønsker å gjera det trygt, lett og oversiktleg for deg som kunde ved kun å ha ein avtaletype og ingen lokketilbod.

Er du medlem hos Finnås Kraftlag får du som kunde kjøpsutbytte i tillegg. Dei to siste åra har selskapet utbetalt 10 og 12 millionar i kjøpsutbytte. Utbytte vert utbetalt i desember, basert på handel året i førevegen.

Oversikt historiske prisar