Kjøp krafta di frå Finnås Kraftlag og last ned Appen Kraftlaget !

Her får du god oversikt og full kontroll over forbruket ditt.

AppStoreGoogle Play
Har du Apple mobil kan du laste ned vår APP herHar du Android mobil kan du laste ned her

Finnås Kraftlag tilbyr fylgjande straumprodukt til kundar med målepunkt i Bømlo Kommune med unnatak av Brandasund.

Spot-on-Bømlo (Nordpool spotpris + påslag)

Plusskundeavtale: Smart-pluss-timespot-Bømlo (Nordpool spotpris + påslag v/forbruk)

Vårt påslag er: 5 øre/kWh inklusive moms og elsertifikat.

Me har ingen fastavgift, fakturagebyr eller skjulte påslag!

Her er Finnås Kraftlag sine kraftprisar(spotpris+mva+0,05 kr/kwh) for i dag og i morgon. Desse vert oppdatert dagleg etter kl 1400:

Oversikt over historisk straumprisar time for time finn du ved å følgje link til Nordpool spotprisar .

Merk at vårt område er Kristiansand (NO2) og at prisar må endrast til NOK frå Euro i menyen. Du får då pris i kr/MWh. For å få prisen i øre/kWh må ein dele på 10. (Eigentleg dele på 1000 for å omregne frå MW til KW og gange med 100 for å få kr til øre) Prisen hos Nordpool er og oppgitt utan MVA , påslag til kraftleverandør og nettleige. Dette er vår innkjøpspris. For å finne prisen du må betale legg du til 25% moms ved å gange med 1,25 og etterpå plusse på 5 øre som er vårt påslag. Me ser at det er komplisert å finne fram til timesprisen og håpar me innan kort tid har på plass eit verktøy som gjer det meir oversiktleg for deg som kunde.

Mi Side finn du oversikt over forbruket ditt kvar time.

Gjennomsnittleg spotpris for vårt område (NO2 Kristiansand) var i juni 2023:

  • 0,96 kr/kWh eks. mva og påslag 
  • 1,26 kr/kWh inkl. mva og vårt påslag

Dersom prisen på din faktura er høgare/lågare enn dette, betyr det at du har brukt meir/mindre straum i dei dyraste timane enn ein med heilt jamnt forbruk. I tillegg til kraftpris må du betale nettleige til nettselskapet.

Finnås Kraftlag har ingen fastavgift, fakturagebyr eller skjulte påslag. 

Hos Finnås Kraftlag får du spot-avtale som er den avtaletypen som forbrukarmyndigheitene tilrår. Me har ingen fastavgift, fakturagebyr eller skjulte påslag. Me ønsker å gjera det trygt, lett og oversiktleg for deg som kunde ved kun å ha ein avtaletype og ingen lokketilbod.

Er du medlem hos Finnås Kraftlag får du som kunde kjøpsutbytte i tillegg. Dei to siste åra har selskapet utbetalt 10 og 12 millionar i kjøpsutbytte. I 2022 skal me utbetale 12,5 millionar. Utbytte vert utbetalt i desember, basert på handel året i førevegen.

Oversikt historiske prisar

Lenke til Forbrukerrådets strømprisportal