Årsmøte 2026
Finnås Kraftlag SA held årsmøte onsdag 27. mai kl. 18:00 i Rubbhallen, Rubbestadneset.
Registrering av stemmer frå kl. 17:00 - 17:50. Oppmøte etter kl. 17:50 gir ikkje stemmerett på årsmøtet.

Saksdokumenta er tilgjengeleg på Kraftlaget sitt kontor og her på heimeside (sjå lenker nederst i artikkelen)
Alle medlemmer vil få innkalling og saksdokumenta tilsendt elektronisk. Dersom me manglar ditt mobilnummer eller di e-postadresse, vil innkallinga bli sendt som brev. Medlemmar som ønskjer å få tilsendt saksdokumenta, kan be om det.
For å gjere registreringsarbeidet enklare, ber me om at tilsendt strekkode blir vist fram ved oppmøte.
Dersom du ønskjer å gje fullmakt til ein annan, må du fylle ut og signere fullmaktskjema.
Desse sakene ligg føre:
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2. Godkjenning av møtebok frå årsmøte 21. mai 2025
Sak 3. Val av to personar til å skriva under møtebok og val av to valobservatørar
Sak 4. Godkjenne årsmelding for 2025
Sak 5. Godkjenne resultatrekneskap og balanse for 2025
Sak 6. Gjera vedtak om disponering av overskot
Sak 7. Fastsetja godtgjersle til styret og valnemnd
Sak 8. Fastsetja godtgjersle til revisor
Sak 9. Velja revisor
Sak 10. Velja styre og styreleiar
Sak 11. Velja valnemnd etter forslag frå styret
Saksdokument til årsmøte:
Innkalling og sakliste (PDF, 830KB)