Årsmøte 2025
Finnås Kraftlag SA held årsmøte onsdag 21.mai kl. 18:00 i Langevåg Bygdatun.
Registrering av stemmer frå kl. 17:00 til 17:50. Oppmøte etter kl.17:50 gir ikkje stemmerett.
Saksdokumenta er tilgjengeleg på Kraftlaget sitt kontor og her på heimeside (sjå lenker nederst i artikkelen)
Alle medlemmer vil få innkalling og saksdokumenta tilsendt elektronisk. Dersom me manglar ditt mobilnummer eller di e-postadresse, vil innkallinga bli sendt som brev. Medlemmar som ønskjer å få tilsendt saksdokumenta, kan be om det.
For å gjere registreringsarbeidet enklare, ber me om at tilsendt strekkode blir vist fram ved oppmøte.
Dersom du ønskjer å gje fullmakt til ein annan, må du fylle ut og signere fullmaktskjema
Desse sakene ligg føre:
Sak 1 Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2 Godkjenning av møtebok frå årsmøte 6. juni 2024
Sak 3 Val av to personar til å skriva under møtebok og val av to valobservatørar.
Sak 4 Endring av vedtekter §10 (bruk av årsoverskot) for å mogleggjera avsetting til nettutbyggingsfond
Sak 5 Godkjenning av retningslinjer nettutbyggingsfond
Sak 6 Godkjenne årsmelding for 2024
Sak 7 Godkjenne resultatrekneskap og balanse for 2024
Sak 8 Gjera vedtak om disponering av overskot
Sak 9 Fastsetja godtgjersle til styret og valnemnd
Sak 10 Endring av godtgjersle til styret og valnemnd
Sak 11 Fastsetja godtgjersle til revisor
Sak 12 Velja revisor
Sak 13 Velja styre og styreleiar
Sak 14 Velja valnemnd etter forslag frå styret
Saksdokument til årsmøtet:
- Innkalling og sakliste (PDF, 646KB)
- Årsrapport 2024 (PDF, 5MB)
- Protokoll, elektronisk signert, årsmøte 6.juni 2024 (PDF, 324KB)
- Fullmaktsskjema (DOCX, 26KB)