Lampe med skjerm som lyser

Bakgrunn for endringa

Bakgrunnen for prisaukinga er auka kostnader til systemdrift som følgje av nye forskrifter, auka kostnader til innkjøp av kraft og den generelle prisauken i samfunnet. Prisen på straumproduktet vårt har vore uendra sidan 1. april 2020. I same periode har den generelle prisstiginga vore på 22,7 prosent.

Endring i avtalevilkår

I dag har du ein kraftleveringsavtale med Finnås Kraftlag som viser til ein eldre versjon av standardvilkåra frå Fornybar Norge. Styresmaktene ønskjer at bransjen brukar felles og oppdaterte avtalevilkår samla i eit dokument. Difor har Fornybar Norge med rettleiing frå Forbrukartilsynet, laga ein ny standardmal for kraftleveringsavtalar, som vi no tek i bruk.

Me vil her klargjere og presisere forskjellane mellom den gamle og den nye avtalen, slik at endringane blir tydelege.

Vilkåra for Spot-on-Bømlo er no lagde inn i den nye standardavtala frå Fornybar Norge.

Under finn du ein kort gjennomgang av dei viktigast endringane:

  • Pkt.1 «Generelt»:

I dei gamle vilkåra ligg det informasjon som ikkje lenger er gjeldande etter at Elhub vart innført som felles system for utveksling av måledata og meldingar mellom kraft- og nettselskap

  • Pkt. 2  «Leveringsvilkår»:

Dei gamle leveringsvilkåra viste til ein eldre standard frå Fornybar Norge. No blir alle vilkåra samla i den nye versjonen av standardavtala

  • Pkt. 3 «Betalingsvilkår»:

Tidlegare vart beløp under 50 kroner ikkje utbetalt ved opphøyr. No vil alle tilgodebeløp bli utbetalt, uansett storleik.

  • Pkt. 4 «Vilkår for våre Kraftavtalar»:

I dei gamle vilkår kunne begge partar seia opp avtalen med 14 dagars varsel. I den nye standardavtala skal straumleverandør gi 30 dagars skriftleg varsel, medan du som kunde framleis kan seia opp med 14 dagars varsel.
Prisgarantien på påslaget blir utvida frå 6 til 12 månader etter avtaleinngåing.

Endringar i vilkåra frå gamal til ny versjon av standard kraftleveringsavtale:

  • Pkt. 4 «Måle- og avrekningsfeil»:

Her er det tydeleggjort at straumleverandørar må nytta måleverdiar som kjem frå Elhub og det er nettselskapet som er ansvarlege for målarstandane. Straumleverandør er ikkje ansvarlege for eventuelle feil som nettselskapet gjer.

  • Pkt. 5 «Flytting»

Du kan ta med deg denne avtala dersom du flyttar til ei ny adresse. Meld frå til straumleverandør når du flyttar, så held me fram med å levera straum dersom det er mogleg

  • Pkt. 6 «Avslutting av avtalen»:

Me som straumleverandør kan tidlegast seia opp avtala med 30 dagars skriftleg varsel. Du som kunde kan framleis seia opp med 14 dagars varsel. Dersom du inngår avtale med ny straumleverandør, opphøyrer avtala vår automatisk når den nye leveransen startar.

  •  Pkt. 7 «Overdraging av avtalen»:

Dette er eit nytt punkt. Det betyr eksempelvis at alle våre kundar kan overdragast til ein anna leverandør, enten ved fusjon eller oppkjøp. For deg som kunde er det viktig at det er spesifisert at du då har rett på dei same vilkåra som er i denne avtala. Du skal i tilfelle varslast minst 30 dagar før overdraginga kan skje, og du vil uansett kunne sei opp avtala med 14 dagars varsel.

  • Pkt. 8 «Angrerett»:

Dette punktet er ikkje nytt, men rettane dine ved eventuelt bytte av avtaletype eller leverandør er no tydelegare forklarte. Endringa av desse vilkåra gir ikkje fornya angrerett.

  • Pkt. 9 «Endringar i pris og vilkår»:

Her er det gjort enkelte justeringar. Som straumleverandør har me rett til å endre vilkåra i denne avtala. I tillegg kan prisen endrast. Slike endringar skal varslast minst 30 dagar før endringa trer i kraft, og du har rett til å sei opp/gå ifrå avtala.