to hender som holder en mobil med melding om kjøpsutbytte

Årsmøte bestemte i mai 2025 at 24,5 millionar skulle setjast av til kjøpsutbytte til medlemmar i laget. Dette er kjærkomne pengar for mange, og ekstra hyggeleg å motta i førjulstida. Utbetalinga kjem på konto i starten på desember.

Finnås Kraftlag er eit samvirke, der det er medlemene våre som er eigarar og dermed mottakar av kjøpsutbytte. Dette er ein av måtane me fører verdiar tilbake til medlemene, og det understrekar at me faktisk eig kraftlaget saman!

 

I 2025 utbetalar me 24,5 millionar til medlemmene våre!

 

Logg inn på Mi Side for å sjå ditt kjøpsutbytte og kontroller kontonummeret det blir utbetalt til: Mi Side

Det løner seg å vera medlem

Me har om lag 4300 medlemmer, og alle medlemmer som handla med Kraftlaget i fjor får utbetalt pengar. Medlemene får kjøpsutbytte, alt etter kor mykje dei handla for. Det vil seia dei som har samla alle tenestene sine hos Finnås Kraftlag; både kraft, straum og breiband får igjen for det. Har ein kjøpt andre ting, som feks elbil-ladar, får ein kjøpsutbytte også på dette.

Er du ikkje medlem enno? Bestill medlemskap her