Me er svært glade for at Tor Bjarne Smedsrud har teke imot stillinga som administrerande  direktør i Finnås Kraftlag seier ein nøgd styreleiar Torleiv Fylkesnes. Smedsrud skal ta til i stillinga frå 1. september då noverande leiar Nils Gunnar Gloppen trekk seg tilbake og vert pensjonist.

Finnås Kraftlag er frå nyttår 2020 organisert som konsern, med morselskapet Finnås Kraftlag SA og dotterselskapa Bømlo Kraftnett AS og Finnås Kraftlag AS. Tor Bjarne Smedsrud kjem til å ha leiarfunksjonen i alle selskapa.

 Smedsrud har 15-års erfaring, 6 år som leiar frå kraftbransjen både innan nettdrift og breiband. Me får ein erfaren leiar som kjenner bransjen godt, seier Fylkesnes.

Finnås Kraftlag er eit veldreve selskap der verdiar er bygd opp over svært mange år. Det er med stor respekt og ærbødighet eg tar til som leiar i dette selskapet med verdiar over 1 milliard kroner, seier Smedsrud. Bransjen står framfor mange utfordringar, men og store mulighetar i framtida. Med ein solid organisasjon i ryggen ser Smedsrud fram til å utvikle Finnås Kraftlag vidare i åra som kjem.

 Tor Bjarne Smedsrud er busett på Sand i Suldal Kommune. På litt sikt ser han fram til å flytte permanent til Bømlo med familien sin. «Finnås Kraftlag er eit samvirkeselskap eigd av innbyggjarane på Bømlo. Det er viktig for meg som leiar å bli ein del av Bømla-samfunnet og å kjenne nærleiken til eigarane».

 Finnås Kraftlag er ei bedrift som bidreg med meir enn berre straum og breibånd. Bedrifta har i mange år vore den største bidragsytaren til kultur, idrett og frivillig arbeid på Bømlo, og har gjennom dei siste 15 åra delt ut 37 millionar kroner til ålmennyttige føremål. Styreleiar Torleiv Fylkesnes seier det var viktig når ein skulle velja ny leiar at også dette samfunnsansvaret vert vidareført. Fylkesnes opplyser at det har vore stor interesse for stillinga i Finnås Kraftlag med svært mange velkvalifiserte søkjarar. Han oppfordrar bømlingane til å ta godt imot Tor Bjarne Smedsrud i denne viktige rolla i kommunen vår.

 Samstundes nyttar styreleiaren høve til å takke Nils Gunnar Gloppen for eit fantastisk godt utført arbeid gjennom 38 år som tilsett, og av desse  32 år som elverksjef. Finnås Kraftlag har under Gloppen si leiing vore gjennom ei rivande utvikling til stor nytte for Bømlo.