Glade medlemmer

Me syns det er kjekt å få dela ut kjøpsutbytte, og for nokre kjem dette kanskje som ei overrasking? Det var årsmøtet i mai som bestemte at det skulle setjast av fem millionar kroner til kjøpsutbytte til medlemane. Ein vanleg kunde som kjøper straum, fiberbreiband og fjernsynstenester får om lag 1.500 kroner frå kraftlaget.

 
Finnås Kraftlag er eit samvirke, der medlemene våre er eigarar og dei som får utbyttet. Dette er ein av måtane kraftlaget fører verdiar tilbake til medlemene våre, og det er ein måte å understreka at me faktisk eig kraftlaget saman!


Løner seg å vera medlem


Me har om lag 3000 medlemmer, og alle som var medlem og handla med kraftlaget i 2017 får utbetalt pengar. Medlemene får kjøpsutbytte, alt etter kor mykje dei handla for. Det vil seia dei som har samla alle tenestene sine hos Finnås Kraftlag; både straum, breiband og no også smarthus, får igjen for det. Jo meir ein kjøper for, dess meir får ein i utbytte. 


Ønskjer fleire medlemmer


- Bømlingane er trufaste kundar hos Finnås Kraftlag, og me ønskjer at enno fleire står som medlemer hos oss, seier elverksjef Nils Gunnar Gloppen. Me er eit lokalt kraftlag, står på for å yta god og nær service og med fleire medlemer viser det at me står støtt som samvirke. – Og så er det jo kjekt å få dela ut kjøpsutbytte til fleire! seier han – det er ein vinn-vinn-situasjon.

 
Sender ut SMS


For å gjera det enklast mogleg for fleire å ta del i medlemsfordelane, så sender me ut SMS til dei som kan bli medlemer hos oss. Der kan ein enkelt betala medlemskontingenten på kr 300 på Vipps, eller ein kan nytta Vipps på Nett her på nettsida vår, eller betala i nettbanken. Eit gjennomsnitts hushald får meir enn 300 kroner i kjøpsutbytte. Dersom ein seinare melder seg ut, får ein ein medlemsinnskotet tilbakebetalt.

Personar som er folkeregisterførte i Finnås Kraftlag sitt konsesjonsområde og alle organisasjonar/vermksemder som kjøper varer eller tenester frå laget kan vera medlem. For eigarar av partar som er erverva før 01.10.2010, gjeld ikkje kravet om å vera folkeregisterført i konsesjonsområdet. 

Les meir på vår side om medlemskap og meld deg inn! 


Dersom du har spørsmål kan du kontakta oss på telefon 53 42 89 00, eller firmapost@finnas-kraftlag.no.


*Me takkar Bømlo Teater som gjennom eit godt sponsorsamarbeid har hjelpt oss å setja ansikt på moglege følelsar me kan tenkja oss der ute blant kundane våre på Bømlo :)