Ungdommer på LAN

Mats Sæverud (21) og Mathias S. Stavland (19) er ikkje like sikker på det. Dei er med i crewet, altså arrangementskomiteen, og oppmodar ungdommane til å ha eit variert kosthald, og få nok søvn i løpet av veka. Sjølv var dei oppe heile natta før arrangementet starta, for å rigga, kopla og sjekka at alt fungerte. Meste alt gjekk som det skulle, og dei var klare i god tid før dørene opna kl 17 på måndag.

Det er ei god gruppe med engasjerte unge vaksne som sørger for at ungdommane har eit rusfritt tilbod i haustfeiren. Thomas Meling (26) er ein av desse, og han har vore med sidan oppstarten i 2013.

God og stabil internettlinje er superviktig for at EvoLAN skal bli ein suksess

– Me har nokre bedrifter som støttar oss, og Finnås Kraftlag er særleg viktige for oss, seier han. Kraftlaget støttar ungdommane både med utstyr og lynrask internettlinje. – God og stabil internettlinje er superviktig for at EvoLAN skal bli ein suksess, seier han entusiastisk. Sjølv jobbar han som IKT-konsulent i Hordaland fylkeskommune og likar å sette opp store nettverk, som her på EvoLAN.

Mats Sæverud og Thomas Meling
Mats Sæverud og Thomas Meling er del av EvoLAN-crewet som gir 80 ungdommar ein spennande haustferie.

Under arrangementet blir det laga til ulike konkurransar – eller compoar som ungdommen kallar det. Det er både scenekonkurransar og konkurransar i ulike spel. Lokale bedrifter, slik som Finnås Kraftlag,  har bidratt med premiar. Dei meiner det er viktig å støtta opp rundt tiltak som gjer Bømlo til ein god stad å bu. 

– Me er stolte over å vera sponsor av eit flott ungdomsarrangement, seier elverksjef Nils Gunnar Gloppen. – EvoLAN er laga av ungdom og for ungdom, der dei har det sosialt, tileignar seg ny kunnskap om IT og har det kjekt. Me ønskjer dei lykke til vidare med arrangementet.