Årsmøte Finnås Kraftlag
Me ønsker alle medlemmane våre velkommen til årsmøte i Finnås Kraftlag SA onsdag 17.juni kl. 18:00. Registrering av stemmer frå kl.17:00-17:50. Av omsyn til smittevern grunna Korona-situasjonen innfører me påmelding til årsmøte. For å delta må du melda deg på innan 12.juni.
Send påmelding til firmapost@finnas-kraftlag.no eller ta kontakt med oss på telefon 53 42 89 00. Du vil motta ei stadfesting på SMS om at påmeldinga di er registrert. Det er viktig at du før årsmøtet sjekkar at du har mottat slik stadfesting. Utan påmelding vil ein dessverre ikkje kunne delta på møtet. Registrering av oppmøte vert gjennomført som normalt. I år vert det ingen servering på årsmøtet.
Årsmøte vert arrangert med atterhald om at myndigheitene tillèt større forsamlingar. Dersom talet på påmelde overstig grense sett av myndigheitene vil møtet måtte bli arrangert digitalt. Dersom ein slik situasjon oppstår vil du bli kontakta, men i utgangspunktet vil møtet gå av stabelen 17. juni i Bømlohallen med påmelding som nemnt ovanfor.
Desse sakene ligg føre:
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2. Godkjenning av møteboka frå årsmøte 14.mai 2019
Sak 3. Val av to personar til å skriva under møteboka og val av to valobservatørar
Sak 4. Godkjenna årsmelding for 2019
Sak 5. Godkjenna resultatrekneskap og balanse for 2019
Sak 6. Gjera vedtak om disponering av overskot
Sak 7. Fastsetja godtgjersle til styret og valnemnd
Sak 8. Fastsetja godtgjersle til revisor
Sak 9. Velja styre og styreleiar
Sak 10. Velja revisor
Sak 11. Velja valnemnd etter forslag frå styret
Saksdokumenta finn du her:
- Innkalling og sakliste (PDF, 434KB)
- Årsrapport 2019 (PDF, 1MB)
- Referat årsmøte 14.mai 2019 (PDF, 3MB)