Finnås Kraftlag SA søker lærling i Service- og Administrasjonsfaget

Finnås Kraftlag syter for sikker og stabil leveranse av straum og digital kommunikasjon til innbyggjarane på Bømlo. Me har hovudkontor i Hollundsdalen og er om lag 30 tilsette. I Finnås Kraftlag byggjer me arbeidet vårt på desse verdiane:  • Servicevennlege • Dyktige • Rettskafne • Offensive Den som blir tilsett må kunna identifisera seg med desse verdiane.

Me søker deg som er engasjert og motivert, og tilbyr opplæring innan:

  • Kontorservice: Yta kundeservice og være med å planlegge, utføra, dokumentera og vurdera kontoradministrative og kontortekniske oppgåver, følgje daglege rutinar, instruksar og gjeldande regelverk
  • IKT-tenester: Opplæring og innføring i verksemda sine kontorstøtteprogram.
  • Økonomi: Grunnleggande kompetanse i verksemda sitt økonomisystem

Kvalifikasjonar:

  • VG1 Sal, service og reiseliv og VG2 Service, Sikkerheit og administrasjon. (Kandidatar med VG1 sal, service og reiseliv eller kandidatert fullført 3 år studiespesialisering vil også bli vurdert)
  • Serviceinnstilt, engasjert og motivert for faget
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Er positiv og tar ansvar for eiga læring
  • Jobbar godt sjølvstendig og i samarbeid med andre

Finnås Kraftlag har eit triveleg arbeidsmiljø, og kan tilby konkurransedyktige løns-, pensjons- og forsikringsvilkår. Gode velferdsordningar. Meir informasjon om stillinga får du hos Administrasjons- og marknadssjef Bente Steinsland, tlf. 48 21 81 03,  bst@finnas-kraftlag.no. Send søknad med CV til firmapost@finnas-kraftlag.no, merka “Lærling service- og administrasjon”, innan 31.01.2024.