Lærling energimontør

Lærling energimontør

Bømlo Kraftnett AS er eit nettselskap som eig og driftar straumnettet på Bømlo, med unnatak av Brandasund. Selskapet er eit heileigd dotterselskap av Finnås Kraftlag SA.  Konsernet har til saman 33 dyktige tilsette. Me har nokre verdiar som me set høgt og som våre tilsette skal ha med seg i alt dei gjer. Desse verdiane er: Servicevennlege, dyktige, rettskafne og offensive.

Me søkjer etter ein engasjert ungdom som lærling i Energimontørfaget.

Kva gjer en energimontørlærling?

  • Byggjer, monterer og vedlikeheld elektriske anlegg
  • Monterer, driftar og vedlikeheld nettstasjoner, trafostasjonar og målaranlegg
  • Koplar til og frå elektriske anlegg
  • Utbetrar feil og avvik på våre elektriske anlegg
  • Linjebefaring og nettinspeksjonskontrollar
  • Dokumentasjon av utført arbeid

Ønska kvalifikasjonar

  • Fullført VG2 Elenergi
  • Serviceinnstilt, engasjert og motivert for faget
  • Er positiv og tar ansvar for eiga læring
  • Jobbar godt sjølvstendig og i samarbeid med andre

Me kan tilby:

  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg oppdatering gjennom relevante kurs
  • Variert kvardag
  • Velferdshytte

Kontaktpersonar for stillinga:

Avdelingsleiar Nett Ståle Mæland Mobil: 975 55 922 eller e-post staale.maeland@bomlo-kraftnett.no

Send søknad til:

Søknad sendast på e-post til firmapost@bomlo-kraftnett.no innan 06.02.23