Ved Bømlo Kraftnett AS er det ledig stilling som lærling Energimontør

Bømlo Kraftnett AS er eit nettselskap som eig og driftar straumnettet på Bømlo, med unnatak av Brandasund. Selskapet er eit heileigd dotterselskap av Finnås Kraftlag  SA. Konsernet har til saman 30 dyktige tilsette.

 

   SERVICEVENNLEGEDYKTIGERETTSKAFNEOFFENSIVE

Dette er verdiar me set høgt, og som våre tilsette skal ha med seg i alt dei gjer i arbeidet sitt. 

 

Likar du faglege utfordringar, allsidige arbeidsoppgåver og masse frisk luft, er ein jobb i energibransjen det rette for deg. Med å satsa på utdanning til energimontør hos Bømlo Kraftnett får du ein ettertrakta kompetanse, og ei spennande læretid i eit godt arbeidsmiljø. Læretida vert avslutta med fagprøve til energimontørfaget (høgspentmontør). Montørutdanning hos oss er eit godt vegval mot høgare utdanning, f.eks til elektroingeniør.

Me ynskjer søkjarar med utdanning frå VG2 El-energi. Du må vera positiv, serviceinnstilt, engasjert og motivert for faget.  Stillinga vert lønna etter tariffavtale.

Bømlo Kraftnett har eit triveleg arbeidsmiljø, og kan tilby konkurransedyktige løns-, pensjons- og forsikringsvilkår. Gode velferdsordningar.

Meir informasjon om stillinga får du hos:

Avd.leiar Nett Ståle Mæland, tlf.975 55 922 staale.maeland@bomlo-kraftnett.no.

Send kortfatta søknad med CV til firmapost@bomlo-kraftnett.no, merka “Lærling”, innan 31.januar 2024.