60 års jubileum
Korleis hadde kvardagen vore utan straum?
Keisam, tungvint og vedfyrt, vil vel dei fleste seia. Omlag som dei fleste nordmenn hadde det for drygt 100 år sidan, vil kanskje historikaren svara. Som leverandør av straum til industri og folk flest i 60 år, må vi stoppa opp, ta på oss nostalgiens briller og sjå oss litt tilbake.
Det er med straum som med mange andre ting vi tek sjølvsagt: ein gong gjekk framsynte folk saman og gjorde eit pionèrarbeid som var så viktig at dei fortener å bli omtala og hylla av og til.
Historia til Finnås Kraftlag er spesiell på mange måtar. Som partlag har straumabonnentane våre, som også er eigarane våre, ein reell påverknad på dei viktige vala kraftlaget gjer. Ei av følgjene av ein slik eigarstruktur er at vi alle nyt godt av låge straumprisar. Dei eldste blant oss hugsar tida etter andre verdskrigen, slitet, oppbygginga, optimismen, moderniseringa, velferdsstaten, velstanden, globaliseringa og veit at Bømlo-samfunnet og kraftlaget har gått vegen fram til i dag saman. I ei tid med fri straummarknad, internasjonale energibørser og fusjonar blant kraftselskap, er privateigde Finnås Kraftlag mest for sjeldan å rekne.
Vi kan ikkje dvela alt for lenge ved historia. Morgondagen bankar på. Finnås Kraftlag er i dag ei moderne verksemd, med 23 tilsette, og fleire lærlingeplassar. Kraftlaget har ei tydeleg målsetjing om å vere ein viktig tenesteytar for verksemder og innbyggjarar på Bømlo. Den daglege kontaken med kundane som bl.a. montør, planleggjar og sentralbord har, skal vera ei positiv erfaring, og er vår viktigaste marknadsføring. Når vi i desse dagar tek store investeringar i utbygging av breiband på Bømlo, blir dette gjort ut fra eit ekte samfunnsengasjement. Verksemdene, den unge generasjonen og alle andre skal ha dei beste føresetnader for utvikling. Det er ei stor utfordring for Bømlo-samfunnet å møta krava som framtida stiller. Det er ei utfordring vi gjerne tek del i.
"Korleis hadde kvardagen vore utan straum?" Les meir her.
"Anleggstid på sparebluss 1946 - 1954." Les meir her.
"Lys og varme i alle hus 1954 - 1982." Les meir her.
"Inn i vår tid 1982 - 2006." Les meir her.
Finnås Kraftlag sin 50 års historie. Les meir her.