strandnellik

Nedanfor har me forsøkt å skissert korleis endringane påverkar nokre av kundane våre:

  1. Nettkundar med Finnås Kraftlag som kraftleverandør vil ikkje merke noko til endringa
  2. Nettkundar med anna kraftleverandør enn Finnås Kraftlag :
  • Vil motta nettleigefaktura frå Bømlo Kraftnett
  • Merk nytt kontonummer: 9047.11.48767
  • Avtalegiro må opprettast på ny i nettbanken. Merk! Faktura med forfall 01.november må betalast manuelt!

Andre kraftleverandørar vil etter kvart også kunne tilby gjennomfakturering, som betyr at kraftleverandør sender ut samlefaktura på kraft og nettleige.

  1. Nettkundar med anna kraftleverandør, som også har Altibox-abonnement frå Finnås Kraftlag
  • Vil få to faktura, nettleige frå Bømlo Kraftnett og Altibox frå Finnås Kraftlag
  • Har du eFaktura og avtalegiro vil desse avtalene berre gjelde Finnås Kraftlag (Altibox) framover
  • Ønsker du efaktura/avtalegiro frå Bømlo Kraftnett (nettleige) må desse opprettast på ny

Merk! Faktura frå Bømlo Kraftnett med forfall 01.november må betalast manuelt!

 

Me har forsøkt å kommunisere endringane direkte til dei som er råka via SMS og heimeside.

Me takkar for tolmod og orsakar for ulempa dette eventuelt måtte forårsake.