Standard solcellepanel

Standard solcellepanel

Fordel:

Dette er den rimelegaste løysinga og den er enklare å montere på eksisterande tak der det allereie ligg takstein. Panela vert montert på aluminiumsskinner som er festa i undertaket. Panela vert liggande over eksisterande takpanner og får god lufting. Dette er positivt med tanke på kjøling og maksimal produksjon. Ved å bruke denne løysinga kan ein og ta i bruk panela med høgast effekt (395Wp). Det er med andre ord denne løysinga som gir mest energi for pengane.

Ulempe:

Nokon meiner at ein slik installasjon ikkje er like fin/estetisk som integrerte løysingar.
Fuglar kan etablerer reir i underkant av panela. (Helst på flate tak og tak der det ikkje vil renne vatn under panela).
Kan legge seg lauv og rusk under panela.
Vanskeleg å skifte taktekke etter montasje.
Ein kan ikkje trø på panela.

Bygningsintegrerte panel:

Integrerte solcellepanel

Fordel:

Finare installasjon?
Enklare å skifte taktekke på resten av taket i ettertid
Det legg seg ikkje lauv og anna under panela
Fuglar etablerer ikkje reir eller liknande i tilknyting til panela.

Ulempe:

Litt dårlegare kjøling og derav litt lågare effekt og produksjon.
Kan berre bruke våre standard panel på maksimalt 365Wp. (Montasjesystemet er ikkje tilpassa måla til panela på 395Wp)
Litt meir kostbart/tidkrevjande installasjon og dyrare festemateriell. (Kunde må sjølv fjerna takpanner på førehand, eventuelt kan ein betale ekstra for denne tenesta.) 
Ein skal ikkje trø på panela.

Bygningsintegrerte solcelletakstein:

Integrert takstein

Fordel:

Vakkert og kan utnytte heile takflata og eventuelt veggflater.
Finnes blindpanel som gjer at ein kan få lik utsjånad over heile taket sjølv om det ikkje er brukt solcellefunksjon på eksempelvis skyggesida.
Ein kan trø på panela/taket.
Fleire variantar og leverandørar som gjer at ein kan tilpasse utsjånad til resten av bygningsmassen. Arkitekten og den kresne kunden sitt førsteval.

Ulempe:

Kostbart og meir tidkrevjande installasjon. Nokon modellar krev eksempelvis dobbel lekting.

Kva himmelretning bør ein installere panela?

Kvar ein bør montere panela avheng sjølvsagt av utforminga til taket. Aller best er ein aust, sør, vest konfigurasjon med tanke på jamn produksjon. Om ein er ute etter maksimal effekttopp, er sjølvsagt eit sørvendt anlegg best.

Ein jamn produksjon er å føretrekke med tanke på bruk av eigenprodusert straum. Dette er og gunstig med tanke på vekselrettaren som ikkje treng dimmensjonerast berre for den eine toppen kl. 12:00, men kan tilpassast meir flat produksjon.

Sø-Vest